torsdag 24. desember 2009

Med ønske om ei god jul!

Adventskalendaren som mamma har brodert til ungane i år, er tom, no er det jul :)
Ønskar alle ei riktig god jul!

Et lite bildet av treet vårt i år, var ikkje det beste treet eg har sett, men det er no eit juletre. Ungane har pynta det, so det er fine klasar med kuler rundt omkring. Vi blir nesten ikkje heime i jula, so eg er ikkje so nøyen på korleis det ser ut, at ungane kosar seg og er fornøgd er det viktigaste.
Har vert endel jobb no rett før jul, so føler eg ikkje har fått tid til noko. Men jul blir det allikavel :)

fredag 18. desember 2009

Litt kos i forjulstida

Prøver meg på ein liten oppdatering frå den siste veka..eller iallefall det eg har gjort sidan forrige innlegg... :)
jula nærmar seg, og det blir desverre ikkje so mykje tid til overs til det eg helst ville gjort. Blir mykje jobbing, og liten laging..
Har iallefall fått laga ei til toffifee eske, den er ei julehelsing, og er sendt i posten til Rosendal. So får eg håpe at mottakaren likar den ;)

So har eg tatt med meg ei ferdig eske heim frå jobb, pynta den, og no er den tilbake på jobb. Det vart ei enkel og grei pynting, men syns den vart søt eg.

Tilda Marie og eg fekk oss ei lita kosestund aleine på søndag, mens gutta var på tur.. So då limte vi saman pepperkakehuset, og pynta det :) Vart nesten berre non stop, men det var Tilda Marie sitt valg. eg har spruta melis på, og ho har lagt "takstein" :)

Her er et enkelt kort eg har laga til jobb, med kun bazzill og mønsterpapir frå vidi gade design som materiale. Enkelt og greit..

Har prøvd å rydde litt på hobbyrommet også, men det er søren ikkje enkelt :S ommøblerte her ein dag, og fekk satt det opp litt betre, so no får eg utnytta den plassen eg har, so eg kan bruke både bordet og skrivebordet. på andre sida av bordet får ungane lov å sitte å tegne, perle, og det dei ellers måtte ville. tilda Marie vil no ofte lage kort då..

Bordet har eg fått av eine tanta mi, det er opprinneleg mormor sitt gamle spisestuebord. Har også ein seksjon som eg fekk av onkelen min, som også er etter mormor. Litt kjekt med arvegods som andre er lei av... :)
Fremdeles litt rotete...kan det vere at eg har for mykje ting?? Nei, kan eg aldri tenke meg...

søndag 6. desember 2009

Pynta Toffifee esker



I helga har vi hatt vår årlige familiesamling. Dvs at mammas 2 søstre og 3 brødre med familie møtes heime hos ho mor, vi kosar oss i lag og bytter pakker ;)
Det begynner å minke på søskenbarn, då dei fleste har sitt eige å styre med t.d. jobb. Men det er ein kjempe-triveleg familietrasisjon, og det er stort sett einaste helga i året at heile familien samlast.

Eg fann ut her lørdags morgonen at eg ville pynte toffifee-esker å dele ut som julehelsing. eg hadde allerede laga ei før i veka, og måtte no lage 4 til. So innimellom brødbakinga pynta eg enkelt fire toffifee esker.





Eg brukar å fotografere alle ting med og uten blitz, men her har det gått litt fort i svingane, og eg har visst kun tatt med blitz av den siste eska, så fargane er litt feil...



Fire av eskene er pynta med papir fra papirdesign, den siste har eit ark som heiter "vintage noel", men har heilt hjerneteppe for produsent for øyeblikket... (bilde 3)
engler henta fra nettet, "julehilsen" fra papirdesign, "dear santa" fra BoBunny, "god jul" og "god jul" med gotisk skrift fra kh design, nisse med noter bak fra Tim Holtz. kantstempel er fra Stempelglede.

Håpar alle har hatt ei fin 2.helg i advent, sjølv er eg sliten i dag, og ser fram til ein fridag i morga :)
ønskar alle ei fin veke!

mandag 23. november 2009

Scetchy colors - en ny utfordringsblogg


Søndag 29.november kl.09:00 kjem første utfordring i den nye, norske utfordringsbloggen Scetchy colors.
Du kan lese om den nye utfordringsbloggen her
Ønskar teamet bak bloggen lykke til, og gledar meg til utfordringane :)

søndag 22. november 2009

Forjulstid og babykort


I dag har eg pakka inn julegåver, kosa meg med å pakke inn i gråpapir, knyte igjen med hamptråd og forsegle med segl :) Prikken over i'en må vere dei heimelaga pakkelappane :)
Eg er rimelig stolt, og forundra, over at eg har kun fire julegåver igjen å kjøpe, og det er enda ei veke til første søndag i advent... kanskje eg får kost meg litt i forjulstida i år :)

Eg har også laga eit kort til ei jente som vart født i juni. Eg og nokre venninder har vore å besøkt lille Natalie og mamma'en hennar i dag, betre seint enn aldri :)
Litt av materialet brukt på kortet er; stempel fra kort og godt, tekststempel fra papirloftet, maja-design papir, magic mesh og die cutz - abigale fra quic kutz.
Ha ei fin veke alle sammen :)

mandag 16. november 2009

Julekort i artig bretteteknikk :)

Prøvde meg på denne fancye bretteteknikken, syns den er genial :)
på treff for eit par veker sidan viste Rita meg korleis en enkelt lagar kort på denne måten,
eg tok med malen hiem og lagde dette julekortet (for ei stund sida).
Blir nok muligens fleire av samme slaget :)

Har brukt eit kvitt silkeband rundt heile kortet tiil å knyte det sammen med, hjertet på forsida har fått en tuch av glossy accent

en detalj inni kortet :)

baksida av kortet. Var ikkje meint å dekorere heile, det berre vart slik ;)
Materiale;
Mønsterpapir fra Papirdesign (note papiret er en leverandør eg ikkje huske for øyeblikket)
Magnolia stempel stempla eg opp fra Anita på forrige treff, musene er penny black.
Gått litt laus med blenderen med distress walnut stain.
Motiva er fargelagt med distress ink.


onsdag 11. november 2009

Blog Candy hos Carrin - adventskalender

Carrin fristar med denne fine Blog Candyen på si side no før advent begynner.
Det er en adventskalender fullstappa med scrappeting, og kalendaren ser jo kjempelekker ut.
Sjekk ut på bloggen hennar ka du må gjere for at den skal bli din ;)
http://carrinsofiesverden.blogspot.com/2009/11/vil-du-ha-en-advents-kalender.html

Lykke til!

tirsdag 10. november 2009

Farsdagskort

lagde to farsdagskort søndag morgen. Vart enkle kort, i og med at tida var litt knapp...
Har laga eit til min pappa, med jente frampå, og eit til svigerfar, med gutt frampå :) Tenkte det liksom skulle representere meg og Kurt (min samboer).
Syns desse Magnolia motivene var så søte, to som ville diske opp med litt ekstra, men som tydeligvis hadde litt uhell ;)
*rødme* såg no når eg legger ut bilde av korta at eg har glømt å ha farge i håret til Edwin.... *knis*
Mønsterarket eg har brukt er fra Maja-design, og motiva er fargelagt med distress.
Har også klart å anskaffe meg *rødme* grunge collection fra stempelglede, (blir påvirka i alle retninger....) har brukt ett av stempela på kantene på min svigerfars kort, på kortet til pappa har eg brukt hjørnestempel fra Heidi Swapp.

fredag 30. oktober 2009

Gaveeske - vin

Vi har fått inn fine gaveesker på Papir og Dekor, og eg måtte ta med ein heim og prøve å dekorere etter beste evne. Fra å gå fra en kjedeleg kvit utgave til et ferdig dekorert utseende var stor forandring, og eg vart delvis nøgd med resultatet ;)
Eg har valgt å kle eska med papir fra Papirdesign, begge er henta fra fjordårets julekollisjon.

Stempelet fra KH Design paste so godt i midten av dekoren på mønsterarket "mandelstang" (trur eg det heite ;))

Nok et stempel fra KH Design, muldberry flowers og distress embossing fra Tim Holtz

So kom vi til den delen eg ikkje var so fornøgd med, men eg trur eg klarte ordne opp i feilen.... Hadde på litt crackle paint fra TH, og utålmodig som eg kan vere, brukte eg varmluft på... og på gullfarga var det ikkje den største sukse, det este opp, sprakk og "putra". Var jo reine nyttårsafta ;)
Men med litt bling og hjerte kom det seg, var verre med glitterlimen, som ALDRI tørka.. men men, handlaga er handlaga ;)
Dette mønsterarket paste så godt, vart akkurat en engel på kvar side av baksida, men det var akkurat litt for lite med 12" rundt, so måtte skøyte litt.
Ønskar alle ei god helg, gledar meg til treff i morga, og håpar på mykje inspirasjon og glede :)





søndag 4. oktober 2009

10 års bryllaupsdag

I går var eg og ei god venninde kjøkken-hjelp for vår tidlegare sjef som hadde 10 års bryllaupsdag i sommar. Då måtte vi jo sjølvsagt ha med eit kort til jubilantane.
Det var ei kjempebra feiring, og timane vart mange.. Etter dei siste gjestane var kjørt heim kunne eg krype til sengs kl.5:30 i dag tidleg, *gjesp*
framsida av kortet var et søtt kjerestepar, og inni måtte vi jo selfølgeleg ha meg og venninda mi som hjelpte til på kjøkkenet, thi-hi ;)

No skal eg pakke, for so å reise på ein liten haustferie med mine kjære barn:)
God haustferie-veke til alle sammen!
Materialliste :
mønsterpapir fra Maja-design
Stempel fra Mary-kay
Grungeboard hjerte med kvit crakle pain,
som sidan har fått ein omgang med blenderen med fargen walnut stain.
Ellers er det muldberry blomster, utstansa blomster,
charms og bling.
Band fra American Crafts.
Har også brukt spellbinders og quic kutz.
Stempela i innsida er whiff of joy, og et swirl stempel fra Heidi Swapp.
Stempelet på baksida også fra whiff of joy,
med mitt personlige stempel i midten :)


lørdag 26. september 2009

Bursdagskort til mamma

Mammaen min hadde bursdag, så eg måtte jo lage eit kort til personen som eg setter så mykje pris på. Eg oppdaga jo litt for seint at eg hadde gjort en liten tabbe, mamma var godt fornøgd då men..., eg har skreve 50 år istadenfor 55 år ;) Ho kunne leve lenge på den :)
Mønsterarket er fra Maja-design, motivet er skrevet ut fra nettet, takk Rita ;)
Måtte berre ta med dette fine bildet eg fekk tatt då eg skulle køyre ungane i barnehagen.
Var et lite gløtt av sol i vår ellers regnvåte kvardag.
Ønskar alle ein fin søndag!

lørdag 12. september 2009

Papir og Dekor

Prøver å lage blogg for Papir og Dekor.
Håpar den blir betre med tida,
kjekt om dåke vil følge med på denne bloggen :)
http://papirogdekor.blogspot.com

God helg alle sammen!

søndag 23. august 2009

Bursdagskort og innflytningskort

I går var vi i bursdags-/innflytningsfest hos ei på jobben, og då måtte det sjølvsagt lagast nokre kort :) Det var kjekt etter gammalt ;) har laga litt kort i sommar som ikkje er komt innpå her, men nokre glømte eg å ta bilde av...
Bursdagskortet til mannen vart kanskje litt konfirmasjonsaktigt, men eg trur eg tenke det kun pga stempelet.. Dette arket er et gammelt ark fra BG, likar veldig godt å bruke det til guttekort. Har vore ivrig med blender tool'en min og distress ink walnut stain :)
I sommar flytta dei inn i nytt hus, og eg har ikkje noko stempel til den biten, men syns dette vart ei artig løysing :)

søndag 19. juli 2009

God sommer folkens!

Da var endelig ferien komt for meg og, det skal bli 3 fine veker :)
Det har vore ganske stille hos meg her i sommar, dels fordi eg har vert med vennar istaden for å sitte på nettet, og dels fordi eg faktisk ikkje har produsert noko å vise fram... Dvs, har no laga eit bryllaupskort, men det ligge på fotoapparatet enda, og det har eg ikkje tilgang til for øyeblikket. Har sendt kamera med mann og sønn, dei er reist til Askvoll i dag med Herregårdsvogna vår (66-mod volvo amazon herregårdsvogn), der det er skjærgårdstreff med bl.anna veterankjøretøyparade :) So, har eit lite håp om at han tar nokre bilde, men kun et lite... ;)
Ellers har vi kjøpt oss campingvogn for nokre mnd sidan, så det blir nok ein tur eller to med den, ungane gledar seg enormt til å sove i campingvogn.
I ferien har eg bestemt meg for å få rydda (kasta) litt i huset, og no begynne det å krible i fingrane etter å ta ei økt på hobbyrommet :)
Ellers so må no eg prøve å finne meg ein ny jobb til høsten, lucky me... Ica Maxi, der eg jobbar, skal legge ned drifta 31.august :( Har bare vert der i 3 mnd no, etter eg slutta på HappyHobby, fordi den skulle selgast... så då sitt eg her i uvissa igjen då... phu...
Men, no er det sol og sommer, sommer iallefall..... so får prøve å halde motet oppe, og prøve å få ein super sommarferie, og prøve å gjere noko i lag som ein familie :)
Trur muligens det vert ein tur på Akvariet, skal nemlig i bryllaupsfest i Os... (og so er det visst ein butikk på veien....en svensk en... nokon som har hørt om den??? ;)

Ønskar iallefall alle ein super sommar, so skal eg prøve å stikke nasa litt oftare innom her ;)

fredag 12. juni 2009

Nokre kort


No er det ei stund sidan eg har fått lagt ut noko her, har ikkje vert gjort so kjempemasse i det siste, men har iallefall to kort å vise fram. Det øverste er et bursdagskort til min nevø, som var 10 år i slutten av mai. Kortet er inspirert avAnita Under gutten fra Whiff of joy er det lomme til å legge pener i.
Har også laget et kort til sønnen til venninda mi som vart døpt 31.05.09.

Ønskar alle ei super helg!!

mandag 18. mai 2009

17.mai


Håpar alle hadde ei strålandes 17.mai feiring i går! Hiver inn litt bilder fra dagen vår i går :)
Barn og tante barn :)
Naustdal 17.mai 2009
Tilda Marie med bunad som mamma ein gang sydde til meg og søstra mi. Dette vil eg tippe er den minste av dei, so då må det nødvendigvis vere min...
Sigve Johan i 17.mai toget. Ville ta med vogna berre sånn for sikkerhetsskuld, men når han såg den skulle han sitte oppi... ;)

onsdag 13. mai 2009

Bordkort til bryllaup

Benka meg ned forran tv'en i går, så stansa eg ut die cuts og limte mens eg såg frustrerte fruer og klinikken :)
So no er eg heldigvis ferdig med bordkorta eg laga på bestilling til medlemmar i min svigerfamilie. Sambuaren min satte seg faktisk ned når han kom heim i går kveld og hjalp meg med siste innspurten, so vi satt der og monterte kvar våre bordkort :)
Resultatet vart 101 bordkort, so no håpar eg brudeparet er fornøgd. Korta er forholdsvis enkle, men det tar jammen tid allikavel, berre å kutte ut 200 hjerter med qk tanga...phu...vart en smule lei kan en sei.. Men no er eg ferdig :)


lørdag 9. mai 2009

Bursdagskort til jente


I går kveld fekk eg vete at vi skulle i bursdag til ei søte lita jente på 1 år. Mora ville gjerne at eg skulle lage ei krunetil ho, so 23.45 i går gjekk eg ned i kjellaren for å utføre oppgåva. Men når eg først var der nede måtte eg jo berre lage eit kort også, og eg som skulle på jobb kl.08 i dag.... Joda, kort må til :) Så etter en times tid var både krune og kort i boks.
Har endeleg fått i Maja Design arka på HappyHobby, dei vart henta på posten i går, og eg måtte jo berre kjøpe nokon......det var mange fine gitt!
Så mønsterarket er fra Maja Design, stempel fra Sarah Kay, mala med distress, og die cutz fra qk.

Må berre seie at eg har vore inn på mange sider og sett mykje fint i det siste, men eg orka ikkje legge igjen kommentar.... men eg kjem sterkt tilbake :)
Det har vert ei lang veke med jobbing kvar dag, og også nokon dagar innom HH, bursdag i dag, og konfirmasjon i morga.

Ønskar alle ei strålandes helg, og takk for at du tok deg tid til å komme på besøk i bloggen min ;)

lørdag 2. mai 2009

Utfordring StampARTic - skisse

For fem veker sidan kom det ein nydelig liten gutt til verden, og no kjem snart venninda mi med samboar og sønn på besøk heim til foreldra, og då skal eg gje ho dette kortet.
StampARTic hadde en skisse utfordring denne gangen, og eg tenkte eg skulle hive meg på, så dette vart resultatet.
Motivet vart litt lite, så alt er bygget på det.
Teksten er fra KH design, motivet fra Provo Craft, mønsterark fra Basic Grey. Skruebrads har fått et lite støk med copper alkoholblekk, for å sjå litt eldre ut.
Her er skissen eg har følgt;


fredag 1. mai 2009

Sukkersött Utfordring #38

Har lagt inn noen nye bilder uten "sladding", bryllupet var hemmlig, men nå er det overstått og helt offentlig ;)

Denne ukens utfordring hos sukkersött er at kortet må ha tema vinger, så er faktisk ikkje sikker på om dette blir godkjent, men men...
Bidraget vart iallefall et sukkersøtt bryllaupskort :)
Dette fine englestempelet er fra..RETTELSE....ikkje Anita's, (skal finne rett leverandør og plotte inn ;) syns det er kjempesøtt! Har fargelagt motivet med distress.
Kortet opnet :) Nederst på kortet et stempel fra Anita's :)
Baksiden vart slik...
stempel fra Inkadinkado ;)
Merker vi begynner å nærme oss sommeren, for nå begynner en å få vite om alle som skal gifte seg ;)