lørdag 31. mars 2012

Påskeegg :)

Tida går ufatteleg fort! 9 veker med kirurgisk praksis er overstått, og bestått, og atter ventar skulebenken. Men først er det påskeferie!! Vi har tatt påsketuren til fjellet, på besøk til familie :)
I praksis hadde eg to sjukepleiarkontaktar eg satt utruleg pris på, eg føler meg veldig heldig som har fått følge desse to personane i 9 veker :) So eg laga ei lita avskjedgåve til dei, kvar sitt påskeegg :)

Eg kjøpte to egg hos den lokale panduroforhandlaren, desse var i brun papp. Eg mala dei med Tilda hobbymaling, og pynta dei med band og nlomster. På "baksida" mala eg teksten "God Påske" i rååsa!
Beklager dårleg bildekvalitet, eg har brukt mobilen til å ta bilde med...

Påskeegga hadde nok ikkje fullt so spennande innhald som ein kunne ønske seg, men men. Eg har hatt oppi litt snop, pluss kvart sitt par med eye pad frå enjo :) Håpar at innhaldet fall i smak, og at eye-pad'ane kom til nytte.
Ønskar alle ei super påske!!!
Klem, Lise K.

torsdag 15. mars 2012

Sofapute !

Då var den andre puta ferdig :)
Vart litt sukkersøt, men fint det til våren!
I morga vert det skifta til lyse gardiner, so kan våren komme for fullt!!
Her er begge putene i lag :)

No er det avslapping på sofaen, og førebuing til gruppeeksamen i morga, vi prøvar å få den ut av verden so vi kan ta påskeferie etter endt praksis :) Tida går fort!

Have a nice day!!
Klem, Lise

onsdag 14. mars 2012

Heimesnekra putetrekk og bursdagskake

Eg har lenge hatt planar om å sy putetrekk til puter eg kan ha i sofaen... Kjøpte innerputer i 50x50 for leeeeeeeenge sidan, og stoff kjøper eg litt no og litt då.. Fant mange fine på stoff og stil i Kristiansand i sommar :) Men dette er Tilda-stoff fra Pandura og einsfarga bomullsstoff frå ein lokal butikk. Og her ein kveld fekk eg ånda over meg, og gjorde so godt eg kunne, og her er resultatet!
Baksida vart tenkt på ein måte, men glemte planen når eg kom so langt... Men, fiksa det allikavel :) Stoffet var litt for kort, so eg måtte "jukse lite grande", men syns det vart ein fin liten vri eg. Eg er fornøgd, og begynt på pute nr. 2 :)
Prinsessa mi vart 8 år i slutten av februar (nesten flaut å seie det, for det er ikkje mange innlegga under der ho vart 7 år....), og dagen vart feira med barnebursdag etter vinterferien. Eg og ungane kosa oss med å lage og pynte kake og muffins :) Sjølve kaka er ei kjempegod sjokoladekake (so eg klarte å la vere å ete av!!) stekt i kakeform frå cakas. So har vi prøvd fondant kjøpt på Panduro, ganske enkelt faktisk, ferdig-farga og all ting :)
So måtte vi ha muffins med smørkrem, farga med farge frå cakas! Vart lilla og rosa, og 13 søte jenter :)

Klem, Lise