onsdag 28. april 2010

Easel card / sukkersøtt utfordring #81

På lørdag var eg på treff med tre livlege jenter, og fekk mykje inspirasjon :)
Laga to konfirmasjonskort, som eg velger å vente med å legge ut ;)
Søndag morgon begynte eg på dette kortet, men ville ha ein tekst inni, som eg ikkje heilt fann ut ka skulle vere... Men i dag fant eg ut at ei søt Tilda skulle få sitte inni istedenfor, so kan ein skrive tekst ved sida av :)
Magnolia trykka fekk eg stempla opp på treffet av Ann Kristin , og eg måtte berre prøve å male litt søndag morgen :)
Har ingen formål med kortet, kan brukast som både konfirmasjonskort og bursdagskort, so tida får vise. henger meg på sukkersøtt si utfordring #81, der oppgåva lyder; ram det inn.

Her er kortet oppslått. Hjerta vart litt store når eg legg kortet saman, men det kom eg til å tenke på etter eg hadde limt det sammen ;) man lærer så lenge man lever....

Motiva er malt med distress ink refill.
Ønskar alle ein super dag, so skal eg prøve å ikkje la det gå like lenge før neste innlegg ;)