tirsdag 20. juni 2017

Helgetur til Voss

Endeleg ser det ut til at eg kan poste blogginnlegg frå telefonen, med bilete... har ikkje falt meg inn at eg kanskje måtte laste ned ein app 🙊 dette vert altså eit testinnlegg 😁

I pinsehelga i år tok vi oss ein tur til Voss ilag med gode vennar, nærmare bestemt til Flatlandsmo camping. Det var ein fin og koseleg camping litt utanfor Voss sentrum. Det mest idylliske med heile campingen var kiosken, nostalgi.

Det var også denne helga ustabilt veir, noko vi vestlendingar er ganske vant til.. men det vart ei fin helg allikavel.

Vi besøkte jettegryter, og fekk os ein liten skogstur. Nero og eg gjekk også ein tur rundt vatnet ved campingen, etter tips frå ein campingnabo.

Alt i alt ei kjekk helg. Og det beste, bestevenninda mi var der også 😀