mandag 20. februar 2012

Lommebok i papir og hekla hue

I helga skulle vi i selskap til ein nevø, men grunna sjukdom vart eg og minstemann heime, mens dei to andre reiste i selskap. Fekk laga eit kort til bursdagsbarnet, litt lite pynta, men hadde litt knapt med tid. Oppskrift har eg funne her.
Det virka no som mottakaren var fornøgd, han samla alle kontantane han hadde fått til bursdagen i denne :)
Ein tag til å skrive hilsen på :)
Også fekk han ei hekla hue med namnet sitt på, håpar den og fall i smak :)

Ønskar alle ei fin veke, her håpar vi sjukdommen slepp taket. Eg er heime fra jobb (praksis) i dag, men håpar eg er frisk nok til å gå på vakt i morga. Ikkje kjekt å gå inn på sjukehuset og smitte pasientane iallefall....
Klem, Lise K.

torsdag 16. februar 2012

Amerika koffert!

Har leeeenge hatt lyst på eit nytt salongbord! Og når eg bytta ut sofaen i januar auka den lysta, det gamle bordet vart alt for stort til denne sofamodellen. So etter å ha tenkt og vurdert litt har eg vore heim hos min mor og far og henta den gamle amreika kofferten. Og den passar perfekt i mine auge :)
Syns den er nydeleg, litt for fin til å stå å støve ned oppe på loftsgangen "heime". Er du ikkje enig?? Av og til er det kjekt å ha ein pappa som har sans for gamle ting, og som gjerne lånar vekk :)
Taco'en fredagskvelden blir ein prøvelse, men kanskje vi rett og slett må prøve å ete med spisestuebordet... :) Kan jo vere kjekt å bruke det og :)
Eg er iallefall kjempefornøgd!
Skal prøve å få tatt nokre bilde av kofferten inne, er ganske artige!
I dag er det seinvakt i praksis, so er det ei etterlengta helg!! Blir mykje helgejobbing når ein har praksis + helgestilling, men men.
No seie eg iallefall GOD HELG!!!
Klem, Lise K.

torsdag 2. februar 2012

Hekledilla!

Eg har fått hekledilla!!! Eg er ikkje noko ekspert, men nokre huer er det blitt :) Fant ei oppskrift på vm hue med trysil sportsgarn på europris, so eg måtte omforme litt. Heklar halvstav med dobbel tråd. Kjempegode, varme huer, som kan klø litt i varmen..
Snuppa mi stilte som modell når eg skulle ta bilder :) Er tatt med mobilkamera, so ikkje verdens beste kvalitet, men bra nok :)
Utruleg kjekt å sjå kor forskjellige huene verte, alt etter fargevalg. Her er eit lite utvalg frå dei eg har laga. Denne i pastellfargar er snuppa si.
Og snuppen har fått ei tøff svart/gul i kort modell.
I romjula kjøpte eg meg ny sofa <3 me love! Er kjempefornøgd. Har kjøpt den brukt, men kva gjer vel det? No driv eg verre å fundera kva eg skal gjere med bordet, kjøpe nytt, male, la det vere som det er??? Mange valgmulighetar! Men vart iallefall veldig fornøgd med stua, den gamle 2+3 seter skinnsofaen som er havna i kjellaren, tok ufatteleg stor plass i stova. Har planar om sy nokre vårlege puter å hive oppi :) Men no er det raksistid, som er lik lite sosialt og hobbyliv.... men litt skøy må ein no ha innimellom.
Til slutt eit kosebilde av meg og min kjære Pito <3
Ha ein fin dag!

Klem, Lise K.