mandag 18. oktober 2010

Ei lita oppdatering fra meg....

Ja, kanskje på tide med ei lita oppdatering her...
Eg sitter for tida som ein skule-nerd, med nasa djupt nedi bøkene.... ellers er eg på jobb.. det blir iallefall ikkje so mykje tid via til kortlaging, og spesielt ikkje til blogginnlegg. Einaste eg tar meg tid til innimellom er å besøke alle dei fine bloggane rundt om i blogglandia :)
So, sjølv om eg ikkje etterlater meg spor, har eg kanskje vert innom og besøkt akkurat deg!

Vel, forrige helg reiste mann og barn på haustferie, mens eg vart igjen heime, var mi jobbehelg. Men :) kjekt det då! Lørdagskvelden var det nemelig kort-treff med hyggelige bloggvennar :) Alltid like kjekt å sitte og kose seg i lag, eg tyte og dei produserar, og går heim med gnagesår i øyra..he he.. nei, eg håpar det ikkje er fullt so gale, eller?? :D
Eg fekk no prestert å lage to kort denne kvelden, var tross alt berre snakk om rundt ein 10 timar :D ha ha
Her er iallefall det eine kortet eg lagde denne kvelden. Det er til mi kjære tantejente Thelma som vart 8 år denne veka :)
Eit relativt enkelt kort med Tilda malt med distress ink. Tilda Marie mi skulle i selskap til ei jente i klassen som vart 6 år, og eg hadde ein hurtig-produksjon av eit kort til ho. Hadde heldigvis nokre ferdigmalte stempeltrykk liggande, phu :)
Jenta til venninda mi fylte 5 år i høst, og eg hadde lova bestemora å lage eit kort frå ho. (og sidan tida ikkje strekk til, vart det pakke frå oss med "kort" skreve rett på innpakkinga ;)
Vart eit staffeli-kort. Lagde kanten øverst som ei krone!

kortet oppreist.
baksida av kortet

Og innsida av kortet, hadde eit til bilde eg måtte bruke av den skjønne prinsessa :)

So, det var eit lite livstegn fra meg. Har enda nokre kort som er produsert, men ikkje publisert! Har eit bilde på mobilen, men tiltak å få det innpå dataen ;) Også er det det andre kortet eg lagde på treff. No har eg lyst å lage litt jul, men først eksamen i anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi 26.november, kan ikkje seie eg gledar meg, men eg gledar meg til det er overstått :)
Fortsatt fin haust alle saman :)