søndag 31. januar 2010

kort til 14 åring

I dag er søskenbarnet mitt 14 år, og eg har laga bursdagskort til han fra heile familien :)
Er litt rart han begynner å bli så stor, tida har gått fort sidan eg stod som stolt fadder til han som 16-åring, er noko spesielt med det første fadderbarnet :)

Fant bilde av han på facebook, som min onkel er fotograf til ;)
facebook er ein grei ting å ha :)

Tenkte at gitar og cowboy-boots charms passa godt til bildet.
Kortet er 5" x 5", og har pengelomme på innsida.
Papiret er fra The paperloft, bokstavane er QK Rockstar, stjerna har eg klipt ut sjølv og limt oppå magic mash. Inni er det spellbinder diecut, og stempel fra KH design og whiff of Joy (trur eg..)
Motivet er fargelagt med distress, fargela først ett med ProMarkers, men var ikkje fornøgd, så eg reiv det av og limte et nytt på, noko kortet bærer preg av...men skit au..
Var faktisk ikkje klar over at zig limpennen var så sterk, men det var den altså..

Ha en herlig søndag alle sammen, her er det skikkelig nydelig vinterveir med blå himmel, sol og snøbelagte bakkar :)

lørdag 30. januar 2010

Kort til 40 års jubilant

Ei av jentene i treff-gjengen runda nett 40 år, og eg tenkte at eg ville sende ho eit kort :)
Det vart ikkje so veldig avansert kort, då tida vart litt knapp...sånn går det når ein utsetter alt til siste liten, men det er no tanken som teller ;)

Magnolia motivet er malt med distress, har hatt litt kvit cracklepait på mønsterarket, som for øvrig er fra maja design. Har hatt på tekststempel fra ett trykk, sverta kantane litt og sydd ei runde. Muldberry blomster og litt charms. Forma rundt motivet er stansa ut med spellbinder dies.

Frå neste veke er eg tilbake i 40% stilling, men har fått meg en ekstra-jobb for ei stund, skal tilbringe 2 dagar i veka under samme tak som min sambuar...skal prøve meg som skrankedame :) Blir spennande!

God helg alle sammen!

Klem, Lise

Klem, Lise

mandag 25. januar 2010

"Skilt"

Var innom bloggen til Linda før jul, og såg nokre skilt ho hadde kjøpt på ein nettbutikk. Digga den eine teksten, og måtte berre lage meg eit eige skilt, då eg trudde nettbutikken var utenlands (noko den visste seg å ikkje vere...). So om nokon vil kjøpe/sjå skilta, og mange andre fine skilt, kan ein besøke nettbutikken her .

Her er iallefall mitt forsøk på å få dei veltalte orda på plakaten ;)

Her er eit bilde av "skiltet" inni ramme, har lyst å finne ei anna ramme, men det var denne eg hadde for hand.
Dette bilde er tatt utan blitz, då det vart sånn gjenskinn i glasset, så fargane er litt feil...


Materialliste;
Mønsterark fra maja design, stempel fra magnolia fargelagt med distress.
teksten er skrevet ut fra data på bazzill.

Ha ein fin dag!

søndag 10. januar 2010

Har fått min første award :)

I dag har eg fått min første award, så kjekt å bli satt pris på :) Awarden har eg fått av mi gode stempel-venninde Astrid. Tusen takk Astrid! Til dåke andre, bloggen hennar er vel verdt eit besøk :)



For denne awarden gjeld desse reglane:

1. Kopier awarden til bloggen din.
2. Link til den personen som ga deg awarden.
3. Fortell 7 interresante fakta om deg sjølv.
4. Velg 7 andre bloggara som du vil sende awarden til.
5. Link til deira bloggar.
6. Legg igjen ein kommentar i bloggen deira,sånn at dei får
vite om dinne awarden.

Ser på det som ein liten utfordring å skrive 7 interresante fakta om meg sjølv, men får vel gjere eit forsøk.
Her kjem 7 fakta om meg, so får du som lesar avgjere kor interresante dei er ;)
(har redigert litt her ja...)

1. Eg elskar hobby :)
2. Er stort sett en livsnyter, "ta livet som det faller seg..."
3. Har to nydlege barn, Tilda Marie på snart 6 år og Sigve Johan som nett er fylt 4 år. Også har eg ein som snart bikkar 10 år, heiter Pito og er ein Golden retriver ;) Innhabil?? neida....
4. Går om få dagar frå 20 åra til 30 åra....
5. Husarbeid er ikkje det som står øverst på mi favoritt "ting å gjere" liste ;)
6. Har jobba med scrapping i meir eller mindre 3 år
7. Har blitt kjent med utruleg mange koselige jenter gjennom jobben, og er kjempeglad for å få vere med i ein "treff-gjeng" med nokre av dei :)


Så er vi komt til punktet då eg skal få velge ut 7 bloggar eg meinar fortjenar denne awarden, er mange eg meinar fortjenar den som allerede har mottatt den, deriblandt Astrid og gjengen ho har valgt ;)
Men her er mange kreative bloggere, og her er mine 7 utvalgte ;)

1. Heidi Beate
2. Carina
3. Liv Karin
4. Yvonne
5. Bodil
6. Ingun
7. Vyan Maria

Nokre av bloggane eg har valgt er bloggar eg har vore litt innom, og syns der er mykje flott, men har enda ikkje lagt igjen noko kommentar. Syns allikavel bloggen fortjenar denne awarden ;)

Ønskar alle ein flott søndagskveld, og ei god ny veke!

mandag 4. januar 2010

Kort og Godt Blog Candy


Starter det nye blog-året med ein blog candy fra kort og godt :)
Besøk bloggen deira her og les meir om blandt anna korleis du kan delta i blog candy'en :)

Ellers vil eg ønske alle eit godt nytt år, måtte det bli minst like kreativt som det forrige :)