lørdag 31. mars 2012

Påskeegg :)

Tida går ufatteleg fort! 9 veker med kirurgisk praksis er overstått, og bestått, og atter ventar skulebenken. Men først er det påskeferie!! Vi har tatt påsketuren til fjellet, på besøk til familie :)
I praksis hadde eg to sjukepleiarkontaktar eg satt utruleg pris på, eg føler meg veldig heldig som har fått følge desse to personane i 9 veker :) So eg laga ei lita avskjedgåve til dei, kvar sitt påskeegg :)

Eg kjøpte to egg hos den lokale panduroforhandlaren, desse var i brun papp. Eg mala dei med Tilda hobbymaling, og pynta dei med band og nlomster. På "baksida" mala eg teksten "God Påske" i rååsa!
Beklager dårleg bildekvalitet, eg har brukt mobilen til å ta bilde med...

Påskeegga hadde nok ikkje fullt so spennande innhald som ein kunne ønske seg, men men. Eg har hatt oppi litt snop, pluss kvart sitt par med eye pad frå enjo :) Håpar at innhaldet fall i smak, og at eye-pad'ane kom til nytte.
Ønskar alle ei super påske!!!
Klem, Lise K.

3 kommentarer:

Riet sa...

This is so beautiful.

Hugs Riet.xx

Susanne sa...

Kjempe fine egg Lise :) Du er flink!

Ingunn sa...

Så stilige.... tips til neste års påske aktivitet :)