onsdag 14. mars 2012

Heimesnekra putetrekk og bursdagskake

Eg har lenge hatt planar om å sy putetrekk til puter eg kan ha i sofaen... Kjøpte innerputer i 50x50 for leeeeeeeenge sidan, og stoff kjøper eg litt no og litt då.. Fant mange fine på stoff og stil i Kristiansand i sommar :) Men dette er Tilda-stoff fra Pandura og einsfarga bomullsstoff frå ein lokal butikk. Og her ein kveld fekk eg ånda over meg, og gjorde so godt eg kunne, og her er resultatet!
Baksida vart tenkt på ein måte, men glemte planen når eg kom so langt... Men, fiksa det allikavel :) Stoffet var litt for kort, so eg måtte "jukse lite grande", men syns det vart ein fin liten vri eg. Eg er fornøgd, og begynt på pute nr. 2 :)
Prinsessa mi vart 8 år i slutten av februar (nesten flaut å seie det, for det er ikkje mange innlegga under der ho vart 7 år....), og dagen vart feira med barnebursdag etter vinterferien. Eg og ungane kosa oss med å lage og pynte kake og muffins :) Sjølve kaka er ei kjempegod sjokoladekake (so eg klarte å la vere å ete av!!) stekt i kakeform frå cakas. So har vi prøvd fondant kjøpt på Panduro, ganske enkelt faktisk, ferdig-farga og all ting :)
So måtte vi ha muffins med smørkrem, farga med farge frå cakas! Vart lilla og rosa, og 13 søte jenter :)

Klem, Lise

1 kommentar:

Eli Kristin sa...

Se hva den snuppa kan da, multikreativ til tusen, thi-hi! Så flink du er da, kjempeflotte puter og lekker kake til snuppa! Et skikkelig kåneemne vil jeg absolutt tore å påstå ;)

Gleder meg til våren jeg også, kjekt med litt lys og nytt vårlig stæsj.

Ha en flotters tirsdag, Lise Katrine!

Stor klem, Eli Kristin