tirsdag 3. mars 2015

Gjenopplivning

Eg har valgt ei overskrift som heiter "gjenoppliving", for det er akkurat det som må til her... bloggen min har nemleg lagt i koma alt for lenge. Vi er no komen til mars 2015, dvs det er 1 år og 9 mnd sidan forrige innlegg i denne bloggen, skjerpings Lise! Men, ny dag, nye mulighetar!
Eg har utfordra meg sjølv til å legge ut minst eit nytt innlegg i månaden, sjølv om det burde vere minst eit i veka, men kvifor gape for høgt? Så, her kjem det første innlegget!

I haust begynte eg å vere med på kortlagingstreff ein gang i månaden, det er veldig sosialt og kjekt, med mange inspirerande og flinke damer :) Denne inspirasjonen eg får her har gjort til at eg trur eg har eit håp om å vere igang med litt hobbyaktivitet igjen. For etter nesten all produksjon vart lagt på hylla når eg byrja studere, har det vore langt opp for å hente den ned igjen. Var mykje som skulle takast att etter endt studie, men no trur eg endeleg støvet er bortblest og eg er på oppattstigande :) Det er noko med det å sitte for seg sjølv attmed skrivebordet dekka med papir, lim, stempel, dill og dall og alt kva hjarte måtte begjere, og berre gå inn i seg sjølv og få ut kretiviteten. Det er så godt!

Vel, etter inspirasjon frå damen på treffet har eg laga eit slags posekort til snuppa mi som er vorte 11 år. Det er eit forholdsvis enkelt kort, men det er ofte slik eg likar det :)

Bilete har eg printa ut, Carpe Diem er ein dies frå Marianne design, og meinar mønsterarket kjem frå ei blokk frå samme dama. Det grønne på toppen er ein tag som stikker opp ;)

Nero har også vokse litt på denne tida, og fyller straks 2 år :)

Ønskar alle ein fin dag!
Lise K.



Ingen kommentarer: