søndag 30. juni 2013

Nytt kapittel

Eit nytt kapittel i livet er starta. Eg vart no i juni uteksaminert på høgskulen, og kan no titulere meg som sjukepleiar! Det har vore tre lange, men samtidig korte år. Lærerike, harde, kjekke og uforglemmelege år, som eg er veldig glad for er over. No kan eg endeleg prioritere familie, vennar og hobbyar. Det er ein heilt merkeleg følelse og ikkje måtte tenke på eksamenar, praksis og arbeidskrav, innleveringsfristar og sensurar, men det er ein aldeles hærleg følelse!
I helga har vi vert med vennar, og det er berre så etterlengta. Sommar og sol er også fantastisk. Håpar det går ei stund før lykkebobla sprekk :-P

For nokre veker sidan var vi og henta eit nytt familiemedlem! Det er ein artig, livleg krabat på 13 veker. Skjønnheten er ein japansk spisshund og har fått namnet Akiros Akemi Nero, men går for Nero.

Ønskar alle ein fin søndag!

Ingen kommentarer: