torsdag 24. desember 2009

Med ønske om ei god jul!

Adventskalendaren som mamma har brodert til ungane i år, er tom, no er det jul :)
Ønskar alle ei riktig god jul!

Et lite bildet av treet vårt i år, var ikkje det beste treet eg har sett, men det er no eit juletre. Ungane har pynta det, so det er fine klasar med kuler rundt omkring. Vi blir nesten ikkje heime i jula, so eg er ikkje so nøyen på korleis det ser ut, at ungane kosar seg og er fornøgd er det viktigaste.
Har vert endel jobb no rett før jul, so føler eg ikkje har fått tid til noko. Men jul blir det allikavel :)

fredag 18. desember 2009

Litt kos i forjulstida

Prøver meg på ein liten oppdatering frå den siste veka..eller iallefall det eg har gjort sidan forrige innlegg... :)
jula nærmar seg, og det blir desverre ikkje so mykje tid til overs til det eg helst ville gjort. Blir mykje jobbing, og liten laging..
Har iallefall fått laga ei til toffifee eske, den er ei julehelsing, og er sendt i posten til Rosendal. So får eg håpe at mottakaren likar den ;)

So har eg tatt med meg ei ferdig eske heim frå jobb, pynta den, og no er den tilbake på jobb. Det vart ei enkel og grei pynting, men syns den vart søt eg.

Tilda Marie og eg fekk oss ei lita kosestund aleine på søndag, mens gutta var på tur.. So då limte vi saman pepperkakehuset, og pynta det :) Vart nesten berre non stop, men det var Tilda Marie sitt valg. eg har spruta melis på, og ho har lagt "takstein" :)

Her er et enkelt kort eg har laga til jobb, med kun bazzill og mønsterpapir frå vidi gade design som materiale. Enkelt og greit..

Har prøvd å rydde litt på hobbyrommet også, men det er søren ikkje enkelt :S ommøblerte her ein dag, og fekk satt det opp litt betre, so no får eg utnytta den plassen eg har, so eg kan bruke både bordet og skrivebordet. på andre sida av bordet får ungane lov å sitte å tegne, perle, og det dei ellers måtte ville. tilda Marie vil no ofte lage kort då..

Bordet har eg fått av eine tanta mi, det er opprinneleg mormor sitt gamle spisestuebord. Har også ein seksjon som eg fekk av onkelen min, som også er etter mormor. Litt kjekt med arvegods som andre er lei av... :)
Fremdeles litt rotete...kan det vere at eg har for mykje ting?? Nei, kan eg aldri tenke meg...

søndag 6. desember 2009

Pynta Toffifee esker



I helga har vi hatt vår årlige familiesamling. Dvs at mammas 2 søstre og 3 brødre med familie møtes heime hos ho mor, vi kosar oss i lag og bytter pakker ;)
Det begynner å minke på søskenbarn, då dei fleste har sitt eige å styre med t.d. jobb. Men det er ein kjempe-triveleg familietrasisjon, og det er stort sett einaste helga i året at heile familien samlast.

Eg fann ut her lørdags morgonen at eg ville pynte toffifee-esker å dele ut som julehelsing. eg hadde allerede laga ei før i veka, og måtte no lage 4 til. So innimellom brødbakinga pynta eg enkelt fire toffifee esker.





Eg brukar å fotografere alle ting med og uten blitz, men her har det gått litt fort i svingane, og eg har visst kun tatt med blitz av den siste eska, så fargane er litt feil...



Fire av eskene er pynta med papir fra papirdesign, den siste har eit ark som heiter "vintage noel", men har heilt hjerneteppe for produsent for øyeblikket... (bilde 3)
engler henta fra nettet, "julehilsen" fra papirdesign, "dear santa" fra BoBunny, "god jul" og "god jul" med gotisk skrift fra kh design, nisse med noter bak fra Tim Holtz. kantstempel er fra Stempelglede.

Håpar alle har hatt ei fin 2.helg i advent, sjølv er eg sliten i dag, og ser fram til ein fridag i morga :)
ønskar alle ei fin veke!

mandag 23. november 2009

Scetchy colors - en ny utfordringsblogg


Søndag 29.november kl.09:00 kjem første utfordring i den nye, norske utfordringsbloggen Scetchy colors.
Du kan lese om den nye utfordringsbloggen her
Ønskar teamet bak bloggen lykke til, og gledar meg til utfordringane :)

søndag 22. november 2009

Forjulstid og babykort


I dag har eg pakka inn julegåver, kosa meg med å pakke inn i gråpapir, knyte igjen med hamptråd og forsegle med segl :) Prikken over i'en må vere dei heimelaga pakkelappane :)
Eg er rimelig stolt, og forundra, over at eg har kun fire julegåver igjen å kjøpe, og det er enda ei veke til første søndag i advent... kanskje eg får kost meg litt i forjulstida i år :)

Eg har også laga eit kort til ei jente som vart født i juni. Eg og nokre venninder har vore å besøkt lille Natalie og mamma'en hennar i dag, betre seint enn aldri :)
Litt av materialet brukt på kortet er; stempel fra kort og godt, tekststempel fra papirloftet, maja-design papir, magic mesh og die cutz - abigale fra quic kutz.
Ha ei fin veke alle sammen :)

mandag 16. november 2009

Julekort i artig bretteteknikk :)

Prøvde meg på denne fancye bretteteknikken, syns den er genial :)
på treff for eit par veker sidan viste Rita meg korleis en enkelt lagar kort på denne måten,
eg tok med malen hiem og lagde dette julekortet (for ei stund sida).
Blir nok muligens fleire av samme slaget :)

Har brukt eit kvitt silkeband rundt heile kortet tiil å knyte det sammen med, hjertet på forsida har fått en tuch av glossy accent

en detalj inni kortet :)

baksida av kortet. Var ikkje meint å dekorere heile, det berre vart slik ;)
Materiale;
Mønsterpapir fra Papirdesign (note papiret er en leverandør eg ikkje huske for øyeblikket)
Magnolia stempel stempla eg opp fra Anita på forrige treff, musene er penny black.
Gått litt laus med blenderen med distress walnut stain.
Motiva er fargelagt med distress ink.


onsdag 11. november 2009

Blog Candy hos Carrin - adventskalender

Carrin fristar med denne fine Blog Candyen på si side no før advent begynner.
Det er en adventskalender fullstappa med scrappeting, og kalendaren ser jo kjempelekker ut.
Sjekk ut på bloggen hennar ka du må gjere for at den skal bli din ;)
http://carrinsofiesverden.blogspot.com/2009/11/vil-du-ha-en-advents-kalender.html

Lykke til!