søndag 27. februar 2011

Bursdagskort

Søskenbarnet til min samboar vart 40 år no i februar, og eg trådde til å laga eit kort. Vart ikkje so veldig avansert, då eg følte eit snev av tidspress, sidan det var 3 dagar før eksamen... Eg fekk desverre derfor ikkje vere med i festligheta, dvs. eg fekk vere med, men valgte å prioritere eksamen... Selskapet vart nemleg feira nokre mil frå oss, og lørdagen og søndagen hadde gått med... men men, kjem alltids ein ny anledning.
Bildet eg har brukt på framsida er frå då ho var lita, var litt uklart, men det fekk berre våge seg..Inni har eg også valgt å bruke bilde av jubilanten, facebook er ein fin ting.... ;) Eg har nok ikkje lagt ned alt for mykje arbeid i dette prosjektet. men det er noko med det og når du knapt har tatt i eit mønsterpapir på nokre månader, so finn eg liksom ikkje heilt roen.. men kjekt var det iallefall å lage litt kort igjen :)

Har laga nokre andre kort også, dei ligg på mobilen, og eg har plutseleg problem med å få dei overført til data, har gått fint før men....??? ja ja...kjem ein dag ;) I dag er det 7 år sidan snuppa i huset kom til verden! Skal sei tida går! er ikkje lenge før konfirmasjonen er overstått, og kofferten pakka, og ho er klar til å gå sine eigne vegar.... heldigvid nokre år igjen enda, gjelder å sette pris på tida vi har ilag med dei :)

God søndag!
Klem, Lise






2 kommentarer:

Yvonne sa...

Så fint kort du har laget! Og ikke minst personlig. Det ble helt sikkert satt stor pris på :)
Ha en flott søndag!
Klem

Mitt Landliv sa...

Flott kort du har laget! Driver selv litt med papirhobby, alltid gøy å se hva andre lager *smil*