fredag 16. juli 2010

Prinsesse Anniken 5 år + barneteikningar :)

I dag skal vi i bursdag til minste-jenta til eine venninda mi, og då må eg selvfølgelig i kortproduksjon :) Blir relativt enkle kort for tida, har ikkje heilt roen til å sette meg ned for tida, og dette var laga i 22-23 tida i går...

Det vart Tilda med paraplyen på dette kortet og, er jo so vått for tida... :S
Motivet er fargelagt med distress, og mønsterarket er fra papirdesign.
Rundt motivet har eg skreve "Prinsesse Anniken 5 år" med gull-glitterlim, men det viser ikkje so kjempegodt..
Eg vil gjerne vise dåke min kjære barnekunst, produsert av 4 åringen i huset :)
Kunstverket over er av ein elefant, under fekk eg ikkje vite ka det var, for det var til pappa...men det kan nesten sjå ut som det er ein dinosaur :) Syns han er flinke eg, og det er jo berre so herleg når det er produsert av dei små. Desse skal iallefall takast vare på, mulig dei kjem i ramme :)
No skinner sola ute, men der er nokre skyer som er litt tunge. Det er ekstremt skinftande veir for tida, frå strålandes sol til heavy nedbør, med lyn og torden. Vi og eit vennepar sku på camping i helga, men pga veiret og at vi egentlig burde skifta eit hjullager på vogna, har vi no bestemt oss for å reise til Ospehaug Zoo & Camping :) Dette er ein kjempefin plass oppe i dalen, der det er gardsdrift, med mange forskjellige dyr, som eks hest, sau, kanin, høner som nett har fått kyllingar og gris. Dette skal bli kjekt! Vi skal kose oss masse, og er relativt nær heimen (les:tunet til venninda mi)
God helg alle sammen!
Kos, Lise




2 kommentarer:

Riet sa...

So beautiful Lise,i love the image and the colours.
So gorgeous papers.

Hugs Riet.xx

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så fint!! Syns ikkje dette såg enkelt ut i det heile eg:) Og teikningane fortjena ramme ja:) Herleg med kunst frå barnehender;)Her er Anne, Arve og ungane på besøk! Kosleg:)
Kos deg mykje i helga. Drit med det her veret!
Klem:)