lørdag 10. juli 2010

Min kjære har bursdag

I dag er min samboar 38 år, og eg har laga eit enkelt kort til han. Har blitt lite scrapping i det siste, og i går fant eg ikkje heilt roen, so det vart produsert 2 relativt enkle kort. Har jobba heile denne veka, og det er uvandt, sidan det er ei stund sidan sist eg jobba fullt :S Skal på jobb i dag og, so no har vi intatt en betre frokost, etter at ungane hadde gavedryss i senga til faren. Dei hadde kjøpt skoskei til han, og var rimelig fornøgde med seg sjølv :)
Vi kjøpte også noko so kjedeleg som sokkar og boxer til han også, og lot han tru at det vart med det.
Då han kom for å ete frokost (kl.8:30 er vel fin tid for ein bursdagsmann...) hadde eg lagt ein pakke på stolen hans, som ikkje ungane visste om. dei sa han ikkje måtte opne den, sidan vi ikkje visste om det var til han *LOL* Han pakka opp og fekk seg en gps, då vart han glad :)
Tilda Marie har fått opgaven å skrive inni kortet :)

26.juli fyller ett av mine fadderbarn 6 år! Dkjønne skulejenta :)
Det vart eit enkelt kort til ho og. Sidan ho bur i Bergens traktene, tenkte eg at denne Tilda med paraplyen passa fint :)
Malin og mammaen, som er min bestevenninde, er på besøk i Førde i helga, og eg tenkte eg skulle nytte høvet og gi ho presang :)
Bakom frosken er det ope, so eg tenkte eg sku legge nokre pengar bakom der :) Dei skal en tur til USA i oktober, og då må ein ha litt lommepengar :)
Eller vil eg ønske alle ei strålandes helg! Eg skal på jobb no i nokre timar, so blir det helg på meg og :)
Klem, Lise



3 kommentarer:

jannes hobbykrok sa...

Det er to kjempeflotte kort du har laga!Herlig at vesla har har fått skrive inni!
Klem,Janne

Riet sa...

What a gorgeous cards Lise.


Hugs Riet.xx

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så flotte kort! Du er så kreativ og flink!:) Eg skal ha ein lita scrappeavdeling på syrommet. Så då håper eg at eg får ånda over meg igjen på det området. Er så kjedeleg å scrappe når ein må rydde fram og tilbake heile tida!;) No kan eg ha eit kreativt kaos. Me like;)
Ha ein flott tirsdag!!
Klem:)