onsdag 21. juli 2010

Eg skal bli student :)

Lørdag fekk eg svar fra samordna opptak at eg har fått studieplass på Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd sjukepleie :) Eg er kjempeglad for det, og gledar meg til å begynne! No har eg gått i snart eit år utan full jobb, etter at arbeidsplassen eg var på la ned. Det har ikkje vore berre berre å ikkje vite ka ein skal om 1 mnd, 2 mnd, 1/2 år.... men no veit eg at eg skal tilbringe dei 3 neste åra som student :)
So no skal eg og jenta mi begynne i 1.klasse til høsten ;)

Mine små og eg er på besøk hos min tante og onkel, og i dag har vi vert en tur på breheimssenteret i Jostedalen og kjøpt oss is :)
Er ikkje første gangen vi var her, so det vart ein tur i shoppen og en i kafe'en...

Leikerommet på breheimssenteret var veldig kjekt!

Klatrevegg er morro :)

Tilda Marie har vert på butikken i Gaupne i går og kjøpt seg marsvin, vel og merke eit vi slepp å mate og tørke opp drit etter ;) Det bråkar litt, då det kan "gå" bortetter gulvet, men går heldigvis an å slå på off ;)
Tante Bente har sydd seng, dyne og teppe til Rosa, som ho har fått som namn.


Her klipper dei teppe med frynsar på :)
Ellers kan vi melde om strålandes inneveir, her har regna ca.23,5 mm siste døgnet, 14,5 mm sidan i dag tidleg :S
Ønskar alle ein strålandes sommar!

3 kommentarer:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Strålande innever her og du;)
Så artig at du skal begynne å studere då!!:) Gratulerer med plass og masse lykke til!
Kos deg!
Klem:)

Anita sa...

Lykke til med studier fremover!!!!!
Ja, det er jo flott vær for inneaktiviteter kan man si.....
Såg flott ut på breheimsenteret!
Vi har også et par av de dyrene der i heimen...greit med reinslige og lite kravstore småtasser.... =)
Ønsker deg en god sommer likevel om det høljer og tåka ligger tjukk!
Klem, Anita :)

Min verden sa...

Så flott at du skal til å studere Lise, det vel du heilt sikkert trivst med. Lykke til med både mors og datters 1 klasse dag. Klem