lørdag 28. februar 2009

Bursdagsfeiring


Denne helga er det bursdagsfeiring i heimen. I går vart jenta mi 5 år, det er utruleg kor fort tida går... Så i går var det barneselskap med jentene fra barnehagen, det vart eit lite lag med 4 jenter + gutten i huset :) I dag blir det familieselskap, so no skal eg snart vaske huset for dagens innvasjon, skal seie golvet blir grisete etter et selskap ;)
Eg har laga prinsesseake for den lille prinsessa mi, den vart veldig rosa.. Det er kjekt, men litt tungt å lage sånn kake med smørkrem, skal sei det ikkje er så ofte det skjer her i huset, sjølv om antall former eg har burde seie noko anna... Kjøpte faktisk tre former i USA i fjor, for under prisen av en i Norge.... så eg kom heim med kakeformer i kofferten, ikkje akkurat det eg hadde forventa meg... Så har eg prøvd å lage muffins med diecut på, det vart no fint å sjå på ;)
Også hadde eg meg en liten hurtigproduksjon av godtebagger, alt skal gjerast i siste liten... Kom plutselig på at eg kunne lage sånne gaveposar...

Så då er snart alle bursdagane i dette huset over for i år, dvs samboaren har jo i juli, men det vert vel neppe markert... Kanskje ein tur på countryen i stedenfor ;)

onsdag 25. februar 2009

Utfordring - Go Green - StampARTic


Tenkte eg skulle prøve meg på ein utfordring, og valgte denne fra StampARTic
And the challenge is...Go green! Make a card using something green and something recycled (= not originally a craft item)

Tenkte med ein gang på desse "handtaka" eg tok av kjøpsmannsdisken når eg satt på nye. Skulle faktisk til å hive dei, då eg kom på at dette måtte jo vere prima scrappepynt, og det synst eg det vart og! Eg har festa ein hitch fasteners fra Tim Holtz i midten der Handtaket skal sitte. Har ikkje noko forhåpning om å vinne, men kjekt å prøve seg på oppgåva uansett ;) (spørs om eg får til denne linkinga no då...

Kortkveld med Heidi Beate :)


I går kveld hadde eg besøk av ei venninde, Heidi Beate, det var kjempekoseligt!
Vi stempla litt, øva litt med ProMarkers og laga kort. Eg vart ferdigt med eitt kort, så dette er resultatet. Det vart eit bursdagskort til dattera mi som er 5 år fredag.

lørdag 21. februar 2009

Min 2. lo i år..pluss et bursdagskort

Fant ut eg måtte lage en LO lillebroren min kan ha på veggen i leiligheta si. Vart ikkje so veldig fint, men meir humoristisk liksom :) Teksten er" Kua mi eg takkar deg, deilig sjokomelk du gir til meg". Sjokomelka står på steinen ved sida av han, og kyrne går i bakgrunnen :)

Dette bilde er fra Open Gård på Mo, vi gjekk ned til huldrefossen, skikkelig fint der, men var litt vanskelig å komme fram med rullestol... Det gikk i sikksakk mellom kuruene ;)


Så eit lite bursdagskort til nevøen min. Dette er noko eg egentlig ikkje likar, men syns kortet vart stilig til ein aktiv liten lynet fan ;) Har reve ut sidene i eit blad eg skulle hive, so det vart bakgrunn og motiv ;) So no er eg klar for å feire dei to jubilantane som har bursdag i dag, og gullet som hadde i begynnelsen av februar. Men først må eg på jobb.



Ønskar alle ei god helg!

torsdag 19. februar 2009

Lo på lerret


Kveldens arbeid.. Den minste tantejenta mi er nett fylt 1 år, og lørdag skal vi sta å feire ho og broren, samt min bror... So no har eg laga eit veggbilde ho kan ha på det nye rommet sitt. Ser så mangen som "scrappa på lærret", eg har då laga ein LO og limt den på, veit ikkje om det blir heilt det samme, men eg er no ganske fornøgd so.. Har tatt fram hobbymalinga mi, og mala grungeboarden gullfarga, ellers har eg sydd rundt kanten, og sydd bilde fast i LO'en. Dette gjekk ganske bra, bortsett fra at eg klarte å bøye spissen på nåla, so den måtte skiftast. Men det gjekk faktisk betre enn venta å sy igjennom grungeboard :) Har festet på to charms, eine er ein måne med sol, og den andre er eit hjerte som står "made with love" på... Eg tenkte som so, eg har laga Lo'en med kjærlighet, men at det og kan stå for at dette er eit kjærleiksbarn ;)

mandag 16. februar 2009

Nok et kort :)


Laga et kort i kveld. Øver meg litt på fargelegging av motiver, etter beskrivelse i Ett Trykk. Det er ProMarkers det går i for øyeblikket, og eg koser meg når eg sitter å fargelegger motiver. Men må liksom lage eit kort utav det for å føle jobben er fullført.
Har bestemt meg for å begynne å bruke litt av dei arka eg har, og (prøve å) la vere å kjøpe nokon nye mønsterark.. Men rekne ikkje med eg klare å halde meg i skinnet so lenge.. Har sortert litt ark i dag, og eg har en fin liten bunke med Tres Jolie ark, fine dei, men alt med måte kanskje, er vel en grunn til at bonken er solid størrelse på.. Er litt sånn "må ha" av og til, og da kjøper auga meir enn haue, men får vel brukt arka ein gang, får eg håpe ;) Ellers merka eg at eg har blitt veldig hekta på blogg den siste veka, lover egentlig ikkje bra, for tida går so for nåe eg sitter inne på nettet, og det går jo selvfølgelig utover alt anna. Men som det står på ein magnet på kjøleskåpet mitt (som eg berre MÅTTE ha) "Man dør ikke av husarbeid, men hvorfor ta sjansen?" Den er heilt meg ;)

søndag 15. februar 2009

Bursdagskort



Har laga eit bursdagskort til nevøen min, vart litt i hyrten og styrten... Var litt usikker på den blomsten, men måtte liksom ha noko på kortet, det vart so tomt synst eg... Eg festa den vel og merke på før eg fant ut at eg ville ha med ankeret også :)

fredag 13. februar 2009

Valentins kort

Ja, so vart det valentinskort i år og, sjølv om eg egentlig ikkje hadde planar om det. Men fekk så lyst å lage eit kort med dette stempelet fra stempeldesign, så dette vart resultatet. So får vi håpe mottakaren setter pris på det :) Vart litt dårlig bilde, litt på skakka, men det får berre vere :) Skal prøve meg litt meir på scanning etterkvart, men for øyeblikket er det litt meir tungvint. Ønsker meg sterkt min eigen data, for her i huset er eg ikkje den einaste som brukar tid forran pc'en, so to stykker hadde gjort deg ;) Maybe some day...


torsdag 12. februar 2009

Nokre kort etter skisse




Laga nokre kort etter ei skisse forrige gang eg var på scrappetreff. Nokre av korta vert kanskje gjort litt meir med, som å skrive namn eller alder på.. Vart litt tomme...

Morsdagsgave til mamma

Laga en gave til mamma som ho fekk på morsdagen som var søndag. Har pynta ei tofefe eske, og hatt troika, som ho likar mykje betre, nedi eska. Er ikkje kjempefornøgd med denne, men den vart heilt ok :)

tirsdag 10. februar 2009

Fargelegging med MCP

Har dreve å fargelagt litt med mcp metoden sidan i sommar, syns denne teknikken er veldig kjekk. I siste nummer av Ett trykk stod det om diverse fargeleggingsteknikkar, og her fekk eg inspirasjon til å igjen forsøke mcp teknikken, men med skyggelegging. Syns resultatet vart ganske bra :)

lørdag 7. februar 2009

Bursdagskort til tenåring





Prøvde å lage eit litt rocka kort til fadderbarnet mitt :)