fredag 18. desember 2009

Litt kos i forjulstida

Prøver meg på ein liten oppdatering frå den siste veka..eller iallefall det eg har gjort sidan forrige innlegg... :)
jula nærmar seg, og det blir desverre ikkje so mykje tid til overs til det eg helst ville gjort. Blir mykje jobbing, og liten laging..
Har iallefall fått laga ei til toffifee eske, den er ei julehelsing, og er sendt i posten til Rosendal. So får eg håpe at mottakaren likar den ;)

So har eg tatt med meg ei ferdig eske heim frå jobb, pynta den, og no er den tilbake på jobb. Det vart ei enkel og grei pynting, men syns den vart søt eg.

Tilda Marie og eg fekk oss ei lita kosestund aleine på søndag, mens gutta var på tur.. So då limte vi saman pepperkakehuset, og pynta det :) Vart nesten berre non stop, men det var Tilda Marie sitt valg. eg har spruta melis på, og ho har lagt "takstein" :)

Her er et enkelt kort eg har laga til jobb, med kun bazzill og mønsterpapir frå vidi gade design som materiale. Enkelt og greit..

Har prøvd å rydde litt på hobbyrommet også, men det er søren ikkje enkelt :S ommøblerte her ein dag, og fekk satt det opp litt betre, so no får eg utnytta den plassen eg har, so eg kan bruke både bordet og skrivebordet. på andre sida av bordet får ungane lov å sitte å tegne, perle, og det dei ellers måtte ville. tilda Marie vil no ofte lage kort då..

Bordet har eg fått av eine tanta mi, det er opprinneleg mormor sitt gamle spisestuebord. Har også ein seksjon som eg fekk av onkelen min, som også er etter mormor. Litt kjekt med arvegods som andre er lei av... :)
Fremdeles litt rotete...kan det vere at eg har for mykje ting?? Nei, kan eg aldri tenke meg...

3 kommentarer:

Riet sa...

Ohh wowww Lise Katrine,what a beautiful creations,i love your images and papers.

Hugs Riet.xx

Astrid sa...

Nydelige julekort og eske Lise!!
Det julekortet med bare mønsterpapiret fra Vidi Gade var skikkelig flott synes jeg. Papiret er pynt nok i seg selv:-))
Flott pepperkakehus du og Tilda Marie har laget.
Ha en fin førjulstid Lise:-))

Klem fra Astrid

Maria Therese sa...

Fine kort :)