Forrige helg var vi i 40 års lag til søskenbarnet til min samboer, og då måtte eg ta meg tid til å sette meg ned å lage eit kort, det var kjempekjekt :) Ei stund sidan sist... Og no har eg fått meg ny pc, fått lasta ned enkelt redigeringsprogram, so no kunne eg endeleg legge ut eit innlegg :)
Kortet er eit posekort, lenge sidan eg har laga eit slikt, men er litt artigt å få litt variasjon, og syns korta blir litt artige og spennande når dei er laga sånn.
Tilda stempelet kjøpte eg på HobbyHimmelen i Kristiansand i sommar <3 og eg har mala det med distress ink. Spraya litt glimmer mist for å gjere det litt meir spennande...
Innsida av kortet. Tagen "det finnes bare...." er trekt ut, den ligg skjult under "klaffen", so kun charmsen stikk ut.
Og denne sida ligg også skjult, kun hjarte-charmsen som stikk ut.
Hausten er komt, og ute er det kaldt om morgonen. No hadde det vore deiligt å kost seg med ein kopp te, og laga kort <3 , men lucky me, eg er så heldig å få kose meg med te og eksamenslesing :/ Ei veke til eksamen... so då er det berre å henge i og lese...
Men er litt kjekt og for tida, vi har vore på sjukepleiesenteret (øvingssenter på skulen som er bygd opp som ei sjukeavdeling) og øvd på subcutane (under huda) og intramuskulære (i musklane) injeksjonar.... Kjipt å bli stukken, men litt artigt å få prøve å stikke andre :D
Ønskar alle ei super helg, her er det fin haustsol ute :)
Klem, Lise
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar