![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEj12T26h9oIGdPIOkVDvkeFJ_KAbLTPwZIiL3eb_7WRAdQY3XquOjkv7n13tnxOpnD3uzAdd6qyx6WRyJzCX0_RAv53M9KztTd_AX2vNh0StjKlsCwaZeiMiYR06dIZzjbuHYvbdX_38kgn/s320/prinsessekake.jpg)
Denne helga er det bursdagsfeiring i heimen. I går vart jenta mi 5 år, det er utruleg kor fort tida går... Så i går var det barneselskap med jentene fra barnehagen, det vart eit lite lag med 4 jenter + gutten i huset :) I dag blir det familieselskap, so no skal eg snart vaske huset for dagens innvasjon, skal seie golvet blir grisete etter et selskap ;)
Eg har laga prinsesseake for den lille prinsessa mi, den vart veldig rosa.. Det er kjekt, men litt tungt å lage sånn kake med smørkrem, skal sei det ikkje er så ofte det skjer her i huset, sjølv om antall former eg har burde seie noko anna... Kjøpte faktisk tre former i USA i fjor, for under prisen av en i Norge.... så eg kom heim med kakeformer i kofferten, ikkje akkurat det eg hadde forventa meg...
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgbhbmKi_TezOCsAM_iaFl1hC3ztq-3Wc1BgVIpyZWJUGnEEkw_VAssmyjhfaTJZCbG0XNT-dcfSI2yxtwcIqCXMwAd10WsGUPjWzKWo2B5MfS0IhZMRpQRNtL0OWIjb-mRn-Z6UCwKQOTp/s320/muffins.jpg)
Også hadde eg meg en liten hurtigproduksjon av godtebagger, alt skal gjerast i siste liten... Kom plutselig på at eg kunne lage sånne gaveposar...
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEi2L00X_Gqc0tTpZ-hU8U4mKAuJmYrTTwFYODi7fXnQ3EHgoICqhpRpq5-ODXIJFDz42FNkabWrjXjR08HPUKXQck6z1FlKdpvz2XbjNTgUem8_aQhgJ2jtbfiDMwq8v1jX6ZfT9XwPKbzH/s320/godtepose.jpg)
Så då er snart alle bursdagane i dette huset over for i år, dvs samboaren har jo i juli, men det vert vel neppe markert... Kanskje ein tur på countryen i stedenfor ;)
1 kommentar:
Så flott Lise, artig den kaka du:) Tenker nok bursdagsjenta var godt fornøgd med alt saman:)
Legg inn en kommentar