søndag 27. februar 2011

Bursdagskort

Søskenbarnet til min samboar vart 40 år no i februar, og eg trådde til å laga eit kort. Vart ikkje so veldig avansert, då eg følte eit snev av tidspress, sidan det var 3 dagar før eksamen... Eg fekk desverre derfor ikkje vere med i festligheta, dvs. eg fekk vere med, men valgte å prioritere eksamen... Selskapet vart nemleg feira nokre mil frå oss, og lørdagen og søndagen hadde gått med... men men, kjem alltids ein ny anledning.
Bildet eg har brukt på framsida er frå då ho var lita, var litt uklart, men det fekk berre våge seg..Inni har eg også valgt å bruke bilde av jubilanten, facebook er ein fin ting.... ;) Eg har nok ikkje lagt ned alt for mykje arbeid i dette prosjektet. men det er noko med det og når du knapt har tatt i eit mønsterpapir på nokre månader, so finn eg liksom ikkje heilt roen.. men kjekt var det iallefall å lage litt kort igjen :)

Har laga nokre andre kort også, dei ligg på mobilen, og eg har plutseleg problem med å få dei overført til data, har gått fint før men....??? ja ja...kjem ein dag ;) I dag er det 7 år sidan snuppa i huset kom til verden! Skal sei tida går! er ikkje lenge før konfirmasjonen er overstått, og kofferten pakka, og ho er klar til å gå sine eigne vegar.... heldigvid nokre år igjen enda, gjelder å sette pris på tida vi har ilag med dei :)

God søndag!
Klem, Lise






lørdag 1. januar 2011

mandag 18. oktober 2010

Ei lita oppdatering fra meg....

Ja, kanskje på tide med ei lita oppdatering her...
Eg sitter for tida som ein skule-nerd, med nasa djupt nedi bøkene.... ellers er eg på jobb.. det blir iallefall ikkje so mykje tid via til kortlaging, og spesielt ikkje til blogginnlegg. Einaste eg tar meg tid til innimellom er å besøke alle dei fine bloggane rundt om i blogglandia :)
So, sjølv om eg ikkje etterlater meg spor, har eg kanskje vert innom og besøkt akkurat deg!

Vel, forrige helg reiste mann og barn på haustferie, mens eg vart igjen heime, var mi jobbehelg. Men :) kjekt det då! Lørdagskvelden var det nemelig kort-treff med hyggelige bloggvennar :) Alltid like kjekt å sitte og kose seg i lag, eg tyte og dei produserar, og går heim med gnagesår i øyra..he he.. nei, eg håpar det ikkje er fullt so gale, eller?? :D
Eg fekk no prestert å lage to kort denne kvelden, var tross alt berre snakk om rundt ein 10 timar :D ha ha
Her er iallefall det eine kortet eg lagde denne kvelden. Det er til mi kjære tantejente Thelma som vart 8 år denne veka :)
Eit relativt enkelt kort med Tilda malt med distress ink. Tilda Marie mi skulle i selskap til ei jente i klassen som vart 6 år, og eg hadde ein hurtig-produksjon av eit kort til ho. Hadde heldigvis nokre ferdigmalte stempeltrykk liggande, phu :)
Jenta til venninda mi fylte 5 år i høst, og eg hadde lova bestemora å lage eit kort frå ho. (og sidan tida ikkje strekk til, vart det pakke frå oss med "kort" skreve rett på innpakkinga ;)
Vart eit staffeli-kort. Lagde kanten øverst som ei krone!

kortet oppreist.
baksida av kortet

Og innsida av kortet, hadde eit til bilde eg måtte bruke av den skjønne prinsessa :)

So, det var eit lite livstegn fra meg. Har enda nokre kort som er produsert, men ikkje publisert! Har eit bilde på mobilen, men tiltak å få det innpå dataen ;) Også er det det andre kortet eg lagde på treff. No har eg lyst å lage litt jul, men først eksamen i anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi 26.november, kan ikkje seie eg gledar meg, men eg gledar meg til det er overstått :)
Fortsatt fin haust alle saman :)

søndag 22. august 2010

Nok eit bryllaupskort

Dette er eit bestillingskort fra min søsters venninde, som skulle vere forlover i eit bryllaup.
Kortet er forholdsvis enkelt, men det er sånn eg ofte likar dei :)
Innsida med plass til å skrive. Bakom stempelet "congratulations" er det pengelomme ;) Brudgommen er fra England (meinar eg det var), og brudeparet er busatt der, so eg tenkte eit engelsk stempel var til sin rett på dette kortet ;)
Hjerter fra quickutz og "skrivefelt" stansa ut med spellbinders. "noteark" fra ladybug design.

So eit lite bilde av mi kjære datter på sin første skuledag :)
Sjølv er eg no blitt student, og her blir nok labert framover,
men litt i ny og ne blir det muligens.
Eg har i år blitt spurt om å halde scrapbook-kurs under "Gaular-marknaden" som er i ein nabokommune, denne går av stabelen om 2 veker.
Spennande å sjå om nokon melder seg på. Gru-gleder meg ;)
Har holdt mange kort-kurs, men aldri albumsider,
men reknar med det går greit ;)
Ønskar alle ein fin søndag! Her er det overskya og regn, litt kjedeleg då det er "sanden-søndag" på stranda, med aktivitetar for born m.m.
Klem fra Lise Katrine





mandag 9. august 2010

Min søster har gifta seg :)

På laurdag var eg i bryllaup til mi kjære søster og min svoger, og i den forbindelse har eg laga ei gaveeske, beståande av 3 runde boksar, kjøpt på Løiten Lys i Førde :)
Har kledt boksane med papir fra papirdesign, paret på toppen har eg og kjøpt på Løiten ;)
Den kunne vore gjort so mykje meir med, men tida strakk ikkje til.

Dette kortet har eg laga for min bror, kortet er avlangt, 4,5" x 8,5" el noko slikt.... Det skulle vere plass til ein gavesjekk inni. Papir fra papirdesign, magnolia brudepar og tekst fra papirloftet (trur eg) Motivet er malt med distress.

Her er brudeparet i bryllaupsbilen :) Sjåfør er pappa, og passasjerar framme er barn av det vakre brudeparet :)

Håpar alle har hatt ei fin helg, og ønskar alle ei fin veke!
I dag skal eg begynne på opplæring på helsetunet, der eg skal jobbe 3.kvar helg, itillegg til studiene ;) Gledar meg til å komme igang!
Klem fra Lise

søndag 1. august 2010

Bryllaupskort

I går var det bryllaup i bygda, og eg fekk bestilling av brudgommen si mor. Ho er arbeidskollega av min søster, og hadde sett et kort eg lagde på bestilling fra arbeidsplassen der.
Kortet går i svart, sølv, kvitt og rødt.
Innsida vart ganske enkel, tekst printa ut på bazzill og stansa ut med spellbinder dies.
"Papirbiten" er en "sjekk" på beløpet dei fekk i gave.

Baksida med stempeltrykk, huskar ikkje kven produsenten er, men eg har kjøpt det på papirplaneten. Tanken var at dette skulle vere på framsida, men so kom bestillar med bilde, og eg tenkte det kunne pryde baksida :)
Blir nokre bryllaupskort no til veka og, mi kjære storesøster skal gifte seg lørdag, spennande!


I helga har vi endeleg komt oss i gang med å bygge garderobeskap! Når vi flytta inn for 4 år sidan stod det eit kleskåp på hovedsoverommet. men dette var langt fra optimalt, med høgde langt fra taket, og 4 hyller i var det ganske bruklaust :( Dette skapet skulle komme opp i fjor, men det vart aldri noko av. For nokre veker sidan fekk eg 43 gode hylleplater gratis av ein foretning som selger kontormøblar m.m. Hylleplatene var 97 x 43 x 2 cm, perfekt :) Planen var egentlig å lage eit skap som kun var 40 cm djupt, men eg tegna det om, måtte vere 50 cm djupt for å få hengeskåp... Men eg er godt fornøgd med resultatet! Der min kjære står og skrur skal vere hengeskåp, blir ca 180 cm høgt, so er plass til laaaaaaaaaange kjolar, og sko under ;) der komoden står skal også vere hengestang, til skjorter, bukser o.l. Hyllene oppe og øverst og nederst er tilpassa so det er plass til plastkassar inni.
So i dag skal eg legge klea mine fint inni skapet :) Det gamle skapet er allerede skrudd fra kvarandre, og heve ut på balkongen, det skal på fyllinga!
Og dører ja.... :S Vi har bestemt oss for å ha gardiner i første omgang, har kjøpt 5 m bomulls-stoff på ikea til 15kr/m! So no må eg kjøpe oppheng, so skal eg sy! Blir so bra atte!! Masse skåp-plass,250cm bredt, og det til en fin prislapp, ca.1100kr :)
Ha ein fin søndag!
Klem, Lise



onsdag 21. juli 2010

Eg skal bli student :)

Lørdag fekk eg svar fra samordna opptak at eg har fått studieplass på Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd sjukepleie :) Eg er kjempeglad for det, og gledar meg til å begynne! No har eg gått i snart eit år utan full jobb, etter at arbeidsplassen eg var på la ned. Det har ikkje vore berre berre å ikkje vite ka ein skal om 1 mnd, 2 mnd, 1/2 år.... men no veit eg at eg skal tilbringe dei 3 neste åra som student :)
So no skal eg og jenta mi begynne i 1.klasse til høsten ;)

Mine små og eg er på besøk hos min tante og onkel, og i dag har vi vert en tur på breheimssenteret i Jostedalen og kjøpt oss is :)
Er ikkje første gangen vi var her, so det vart ein tur i shoppen og en i kafe'en...

Leikerommet på breheimssenteret var veldig kjekt!

Klatrevegg er morro :)

Tilda Marie har vert på butikken i Gaupne i går og kjøpt seg marsvin, vel og merke eit vi slepp å mate og tørke opp drit etter ;) Det bråkar litt, då det kan "gå" bortetter gulvet, men går heldigvis an å slå på off ;)
Tante Bente har sydd seng, dyne og teppe til Rosa, som ho har fått som namn.


Her klipper dei teppe med frynsar på :)
Ellers kan vi melde om strålandes inneveir, her har regna ca.23,5 mm siste døgnet, 14,5 mm sidan i dag tidleg :S
Ønskar alle ein strålandes sommar!