fredag 5. april 2013

Glimt frå påska 2013

 I påska år har vi vore ein tre-dagers tur til min tante og onkel i Vigdalen, ein fin stad som ligg over 500 m.o.h. inne i Jostedalen. Vigdalen er ein stad eg har vore mykje på besøk gjennom min oppvekst, og eg seier at det er dette som er mitt ferieparadis :) Her har eg hoppa mang ein gang i vossakasso, og tråkka silo og raka høy :) Gode minner!
Å reise til Vigdalen i påska er nesten vorte ein tradisjon for vår lille familie, og sjølv om eg hadde arbeidshelg påskehelga, rakk vi ein snartur inn, heldigvis. Påska er ikkje det samme utan Vigdal og snø :)
 Vi hadde oss to skiturar til støls, dvs andre dagen gjekk eg til fots saman med mi kjære tante, og tok med meg mitt nyinnkjøpte speilreflekskamera :)  So her kjem eit bilderas!
På bilde over er mine to håpefulle nett starta på den strie stølsvegen. Er ikkje berre berre å gå langt med fiskebein :/  Men flinke som dei er kom dei seg opp :)
 Kan sjå på gjerepålane at der er ein smule snø.... Skivand som eg er skulle eg prøve fjellskia mine, og tenkte at det var å snu som med slalomski.... men den gang ei, med mykje laussnø gikk det som det måtte gå...og det var ikkje berre berre å røyse seg igjen, når stavar og alt som var forsvant nedover i snøen når ein prøvde å bruke dei som støtte for å komme seg opp igjen. Men klok av skade vart det med den eine gangen :p
 Eg er litt fasinert av naturen, so det vert nokre snodige bilder til tider, men eg prøvar meg litt fram :)
 Der var mykje harespor å sjå, men ingen hare....
 Tøffe ungane sette utfor bakkane som ingenting! Har ikkje arva skitalentet etter mora iallefall :p
 Flott utsikt nedover dalen, her skimtar vi og alle bilane som står igjen etter folket har teke turen på fjellet i fineveiret.


 Søskenbarnet mitt har teke over garden, og her fekk ungane helse på hestane som er komen til gards. Det er sambuaren til søskenbarnet mitt sine hestar, og vi gledar oss til å prøve å ri på dei til sommaren!
I palmehelga var vi på skiskule arrangert av Norgeshus i saman med Tambarskjelvar. Supert!

Vi har hatt ei super påske, og kunne ikkje hatt finare veir!  Håpar du også har hatt ei fin påske!

Klem,
Lise Katrine

mandag 11. mars 2013

Kvikk lunsj hue - baggie modell


 Har ein del venner og bekjente som strikker og heklar om dagen, og har lenge klødd i fingrane etter å ta fram strikketøyet når eg ser dei fine kreasjonane som vert trylla fram, både i bloggverden og på facebook, so no klarte eg ikkje halde meg lenger.

Har gått og sett på denne kvikk lunsj hua, og bestemte meg for at ei sånn måtte eg prøve meg på!

Googla litt på nettet, og kom fram til ei oppskrift på Heklejanta sin blogg som eg likte, ho hadde to variantar, men eg valgte denne litt baggie modellen :)

Hua var relativt enkel å strikke - heldigvis!
Fulgte ikkje heilt med i timen, og strikka med feil farge, så då vart det ekstraomgangar...

Sånn kan det gå når ein MÅ bli ferdig fortast muleg...

 Snuppa stilte villeg opp som modell, då noget trøtt :)

Eg fulgte som sagt Heklejenta si oppskrift, bortsett frå at eg ikkje tok med bindestreken mellom kvikk orda og lunsj orda, snuppa ville ikkje ha dette på si hue, og sidan eg syns hua virka for å verte litt trang, satsa eg på at den passa til ho :)

Ha ein fin dag, no skal eg skrive vidare på mi bachelor oppgåve.  Skal bli SÅ deiligt å bli ferdig på skulen til våren, og gjere neste akkurat kva eg vil akkurat når det måtte passe meg!
Velkommen fritid!



Klem,

Lise Katrine


søndag 27. januar 2013

Ein ny bloggverden...

No er det alt for lenge sidan sist eg blogga, men no ser rg at det kanskje skal bli en orden på dette... Det går jo an å blogge frå smart telefonen : No må eg berre utforske dette nærmare, sånn at eg får til å legge med bilder *smilefjes*
Status hos meg for tida; 2 vakter igjen i psykiatripraksis, så blir det eksamen veka etterpå. Så, bacheloroppgåva...Håpar eg får ein god start og at det blir kjekt å skrive oppgåva. Gledar meg stort til å få meir tid til hobbyvirksomhet B) Nærmar seg slutten no, om 4 mnd er eg mest sannsynleg sjukepleiar!
Ønskar alle ei strålande veke!

onsdag 22. august 2012

Kort til min kjære tante :)

Siste helga i ferien var det feiring av min tante sin 50 års dag, og då måtte ho jo få heimelaga kort! Mi kjære tante er ei kreativ dame, som det er kjempekoseleg å besøke. Ho driv mykje med lappeteknikk, og sying av bunad, og er aktiv i husflidslaget der ho bur. Og til mi store glede likar ho også å lage kort!! :)
Dette kortet har eg laga frå oss her heime, mine søsken og nokre av mine søskenbarn. Vi ville gje ho ei gave ho kunne kose seg med, ein lite kapital til bruk på hobbyartiklar ;)
Tilda er malt med distress reinkers.

So måtte eg lage eit kort frå søskena hennar... Syns framsida vart grei nok, men er i bunn og grunn ikkje fornøgd med kortet.... :/ Vart ikkje heilt som eg hadde forestilt meg..
Men eg fekk no brukt nokre penny black (holdt på å skrive black design...) stempel etter gammalt. Er ein humoristisk gjeng, so kan ikkje vere eit tørt, kjedeleg design på kortet.. Men tida mi gjekk litt for fort, noko kortet bær preg av.
Her er heile søskenflokken, 3 damer og 3 menn ;)
I midten bak er det plass til en hilsen fra giverne.

Det var et lite innlegg fra meg :)
Eg har tatt til på siste året på sjukepleieutdanninga, og ser fram til å bli ferdig (å få meir tid til hobby <3 div="div">
Minstemann hadde sin første dag i 1.klasse mandag, gikk strålandes det :)  Han er klar, og ventar berre på lekser. Redd det kan bli litt kjedeleg i starten, ettersom han både les og skriv..., men det går seg vel til. Trygt er det vite at storesøstra er på samme skule også :)

Lise K.






fredag 4. mai 2012

Konfirmasjonskort

 Har laga eit konfirmasjonskort for ei venninde som var i konfirmasjon forrige helg.  Beklager dårleg kvalitet på bilde, det er tatt med mobil under dårleg lysforhold.
Motivet er Edwin frå Magnolia, malt med distress ink.  Mønsterarket er frå papirdesign. 
Det vart eit enkelt kort denne gangen, og innsida er noko enklare enn utsida, men det enkle er ofte det beste ;)
Vil ønske alle som er innom ei riktig god helg!
Legg gjerne igjen eit lite spor etter deg, det er berre kosleg :)

Klem, Lise K.

søndag 29. april 2012

Solsidevegen i sola :)

 I dag føler eg har fått gjort mykje!  Det har vore ein fin dag, med klar, blå himmel!!  Når eg kjørte til jobb i dag tidleg, etter å ha tina isen av bilen, viste gradestokken 1 grad :/  Men når eg gjekk av vakt kl.14:00 var gradene komt opp i 14 :)  Eit vennepar av oss inveterte oss med på tur, og det var kjekt :)

Turen i dag gjekk opp Solsidevegen , ein veg eg aldri har gått før.  Ikkje noko å seie på utsikta frå eit åarti kalt utsikta, der det også står ein benk for sletne sjelar ;)
 På eit parti på veg oppover såg eg at eg kunne skimte Hafstadfjellet, som er i nabokommunen der eg vaks opp, over Kletten der eg gjekk tur her om dagen.  Artigt :)
 Turen var ein fin familietur.  Litt stigning, men heilt fint for alle som var med frå 1.klasse og oppover ;)  Her poserar eg framfor den flotte utsikta av Naustdal!
 Eit bilete av min kjære, det er ikkje noko det flaumar over med....
 ....og iallefall ikkje av oss to ilag ;)
Pito, min kjære turkamerat, var sjølvsagt med :)

God ny veke til alle der ute!  Ikkje lenge til neste fridag :)

fredag 27. april 2012

Vår, og ut på tur!

 Våren er komt, og lyst til å komme seg ut å gå kom følgande etter :)  Er blitt heilt hekta på å gå tur/trene, og må berre smi mens jernet er varmt!
Onsdag denne veka vart det tre små turar på meg og min trufaste tur-kamerat.  Den første turen denne dagen vart årets første (men so visst ikkje siste) tur på Kletten, ein fin tur opp i 269 meters høgde :)  Denne gangen brukte vi 35 min opp, heilt super tur, (og fint for ungar, skjønt mine har ikkje vore opp enda..) og det var enormt deiligt å kjenne at formen var langt betre enn i fjor :D
 Måtte ta nokre bilder på veg opp, vel og merke med mobilkamera, men men... om kvaliteten ikkje er på topp, so blir det no bilder og minner ut av det allikavel :)  Denne vedstabelen skulle ein tru var tørr nok etter kvart......  mosen har fått gro fritt :)
 Pito fant seg ei grøft han kunne rulle seg i, og var godt fornøgd med det :)
 Vi kom opp til eit lite vatn (meget stilleståande elv)...og han hoppa uti for å smake litt på vatnet, og avkjøle kroppen.......og bada......
 ....og vart fin og gjørmete....  Kan seie det vart eit bad på han når han kom heim ja!
 Dette siste bilde frå Kletten er tatt med vanleg kamera.  Fine voffsen min.  Var ein hard tur for han, men han klarte seg fint, sjølv om det er under ein månad til bamsen er 12 år!!
 17.april hadde vi oss ein tur rundt Naustdal.  Ungane sykla, og Pito og eg gjekk.  Dette var veldig greit, for då kunne eg få litt meir tempo på gåinga, enn om dei skulle gått ilag med oss.  Vi stoppa på Sanden for at Pito sku få vasse, og tok nokre bilder med mobilen i det flotte vårveiret :)
 Ein kul gjeng :)
I dag har eg studiedag, og hadde hatt ein super anledning til å ta ein tur på Kletten, men ute regnar det, og det betyr våt og gjørmete sti.  Tek da att neste veke når sola SKINN :)

No skal eg skrive prosjektplan, som vi har i gruppearbeid, og kople av med litt muffinsbaking!  Ungane går i kor, og i kveld er det våravslutning med Vårkonsert i kirka, og då må vi ha litt godsaker til etter konserten :)

Ønskar alle ein fin dag og ei god helg!