Har ein del venner og bekjente som strikker og heklar om dagen, og har lenge klødd i fingrane etter å ta fram strikketøyet når eg ser dei fine kreasjonane som vert trylla fram, både i bloggverden og på facebook, so no klarte eg ikkje halde meg lenger.
Har gått og sett på denne kvikk lunsj hua, og bestemte meg for at ei sånn måtte eg prøve meg på!
Googla litt på nettet, og kom fram til ei oppskrift på Heklejanta sin blogg som eg likte, ho hadde to variantar, men eg valgte denne litt baggie modellen :)
Hua var relativt enkel å strikke - heldigvis!
Fulgte ikkje heilt med i timen, og strikka med feil farge, så då vart det ekstraomgangar...
Sånn kan det gå når ein MÅ bli ferdig fortast muleg... |
Snuppa stilte villeg opp som modell, då noget trøtt :)
Eg fulgte som sagt Heklejenta si oppskrift, bortsett frå at eg ikkje tok med bindestreken mellom kvikk orda og lunsj orda, snuppa ville ikkje ha dette på si hue, og sidan eg syns hua virka for å verte litt trang, satsa eg på at den passa til ho :)
Ha ein fin dag, no skal eg skrive vidare på mi bachelor oppgåve. Skal bli SÅ deiligt å bli ferdig på skulen til våren, og gjere neste akkurat kva eg vil akkurat når det måtte passe meg!
Velkommen fritid!
Klem,
Lise Katrine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar