søndag 23. august 2009

Bursdagskort og innflytningskort

I går var vi i bursdags-/innflytningsfest hos ei på jobben, og då måtte det sjølvsagt lagast nokre kort :) Det var kjekt etter gammalt ;) har laga litt kort i sommar som ikkje er komt innpå her, men nokre glømte eg å ta bilde av...
Bursdagskortet til mannen vart kanskje litt konfirmasjonsaktigt, men eg trur eg tenke det kun pga stempelet.. Dette arket er et gammelt ark fra BG, likar veldig godt å bruke det til guttekort. Har vore ivrig med blender tool'en min og distress ink walnut stain :)
I sommar flytta dei inn i nytt hus, og eg har ikkje noko stempel til den biten, men syns dette vart ei artig løysing :)

søndag 19. juli 2009

God sommer folkens!

Da var endelig ferien komt for meg og, det skal bli 3 fine veker :)
Det har vore ganske stille hos meg her i sommar, dels fordi eg har vert med vennar istaden for å sitte på nettet, og dels fordi eg faktisk ikkje har produsert noko å vise fram... Dvs, har no laga eit bryllaupskort, men det ligge på fotoapparatet enda, og det har eg ikkje tilgang til for øyeblikket. Har sendt kamera med mann og sønn, dei er reist til Askvoll i dag med Herregårdsvogna vår (66-mod volvo amazon herregårdsvogn), der det er skjærgårdstreff med bl.anna veterankjøretøyparade :) So, har eit lite håp om at han tar nokre bilde, men kun et lite... ;)
Ellers har vi kjøpt oss campingvogn for nokre mnd sidan, så det blir nok ein tur eller to med den, ungane gledar seg enormt til å sove i campingvogn.
I ferien har eg bestemt meg for å få rydda (kasta) litt i huset, og no begynne det å krible i fingrane etter å ta ei økt på hobbyrommet :)
Ellers so må no eg prøve å finne meg ein ny jobb til høsten, lucky me... Ica Maxi, der eg jobbar, skal legge ned drifta 31.august :( Har bare vert der i 3 mnd no, etter eg slutta på HappyHobby, fordi den skulle selgast... så då sitt eg her i uvissa igjen då... phu...
Men, no er det sol og sommer, sommer iallefall..... so får prøve å halde motet oppe, og prøve å få ein super sommarferie, og prøve å gjere noko i lag som ein familie :)
Trur muligens det vert ein tur på Akvariet, skal nemlig i bryllaupsfest i Os... (og so er det visst ein butikk på veien....en svensk en... nokon som har hørt om den??? ;)

Ønskar iallefall alle ein super sommar, so skal eg prøve å stikke nasa litt oftare innom her ;)

fredag 12. juni 2009

Nokre kort


No er det ei stund sidan eg har fått lagt ut noko her, har ikkje vert gjort so kjempemasse i det siste, men har iallefall to kort å vise fram. Det øverste er et bursdagskort til min nevø, som var 10 år i slutten av mai. Kortet er inspirert avAnita Under gutten fra Whiff of joy er det lomme til å legge pener i.
Har også laget et kort til sønnen til venninda mi som vart døpt 31.05.09.

Ønskar alle ei super helg!!

mandag 18. mai 2009

17.mai


Håpar alle hadde ei strålandes 17.mai feiring i går! Hiver inn litt bilder fra dagen vår i går :)
Barn og tante barn :)
Naustdal 17.mai 2009
Tilda Marie med bunad som mamma ein gang sydde til meg og søstra mi. Dette vil eg tippe er den minste av dei, so då må det nødvendigvis vere min...
Sigve Johan i 17.mai toget. Ville ta med vogna berre sånn for sikkerhetsskuld, men når han såg den skulle han sitte oppi... ;)

onsdag 13. mai 2009

Bordkort til bryllaup

Benka meg ned forran tv'en i går, så stansa eg ut die cuts og limte mens eg såg frustrerte fruer og klinikken :)
So no er eg heldigvis ferdig med bordkorta eg laga på bestilling til medlemmar i min svigerfamilie. Sambuaren min satte seg faktisk ned når han kom heim i går kveld og hjalp meg med siste innspurten, so vi satt der og monterte kvar våre bordkort :)
Resultatet vart 101 bordkort, so no håpar eg brudeparet er fornøgd. Korta er forholdsvis enkle, men det tar jammen tid allikavel, berre å kutte ut 200 hjerter med qk tanga...phu...vart en smule lei kan en sei.. Men no er eg ferdig :)


lørdag 9. mai 2009

Bursdagskort til jente


I går kveld fekk eg vete at vi skulle i bursdag til ei søte lita jente på 1 år. Mora ville gjerne at eg skulle lage ei krunetil ho, so 23.45 i går gjekk eg ned i kjellaren for å utføre oppgåva. Men når eg først var der nede måtte eg jo berre lage eit kort også, og eg som skulle på jobb kl.08 i dag.... Joda, kort må til :) Så etter en times tid var både krune og kort i boks.
Har endeleg fått i Maja Design arka på HappyHobby, dei vart henta på posten i går, og eg måtte jo berre kjøpe nokon......det var mange fine gitt!
Så mønsterarket er fra Maja Design, stempel fra Sarah Kay, mala med distress, og die cutz fra qk.

Må berre seie at eg har vore inn på mange sider og sett mykje fint i det siste, men eg orka ikkje legge igjen kommentar.... men eg kjem sterkt tilbake :)
Det har vert ei lang veke med jobbing kvar dag, og også nokon dagar innom HH, bursdag i dag, og konfirmasjon i morga.

Ønskar alle ei strålandes helg, og takk for at du tok deg tid til å komme på besøk i bloggen min ;)

lørdag 2. mai 2009

Utfordring StampARTic - skisse

For fem veker sidan kom det ein nydelig liten gutt til verden, og no kjem snart venninda mi med samboar og sønn på besøk heim til foreldra, og då skal eg gje ho dette kortet.
StampARTic hadde en skisse utfordring denne gangen, og eg tenkte eg skulle hive meg på, så dette vart resultatet.
Motivet vart litt lite, så alt er bygget på det.
Teksten er fra KH design, motivet fra Provo Craft, mønsterark fra Basic Grey. Skruebrads har fått et lite støk med copper alkoholblekk, for å sjå litt eldre ut.
Her er skissen eg har følgt;