Onsdag denne veka vart det tre små turar på meg og min trufaste tur-kamerat. Den første turen denne dagen vart årets første (men so visst ikkje siste) tur på Kletten, ein fin tur opp i 269 meters høgde :) Denne gangen brukte vi 35 min opp, heilt super tur, (og fint for ungar, skjønt mine har ikkje vore opp enda..) og det var enormt deiligt å kjenne at formen var langt betre enn i fjor :D
Måtte ta nokre bilder på veg opp, vel og merke med mobilkamera, men men... om kvaliteten ikkje er på topp, so blir det no bilder og minner ut av det allikavel :) Denne vedstabelen skulle ein tru var tørr nok etter kvart...... mosen har fått gro fritt :)
Pito fant seg ei grøft han kunne rulle seg i, og var godt fornøgd med det :)
Vi kom opp til eit lite vatn (meget stilleståande elv)...og han hoppa uti for å smake litt på vatnet, og avkjøle kroppen.......og bada......
....og vart fin og gjørmete.... Kan seie det vart eit bad på han når han kom heim ja!
Dette siste bilde frå Kletten er tatt med vanleg kamera. Fine voffsen min. Var ein hard tur for han, men han klarte seg fint, sjølv om det er under ein månad til bamsen er 12 år!!
17.april hadde vi oss ein tur rundt Naustdal. Ungane sykla, og Pito og eg gjekk. Dette var veldig greit, for då kunne eg få litt meir tempo på gåinga, enn om dei skulle gått ilag med oss. Vi stoppa på Sanden for at Pito sku få vasse, og tok nokre bilder med mobilen i det flotte vårveiret :)
Ein kul gjeng :)
I dag har eg studiedag, og hadde hatt ein super anledning til å ta ein tur på Kletten, men ute regnar det, og det betyr våt og gjørmete sti. Tek da att neste veke når sola SKINN :)
No skal eg skrive prosjektplan, som vi har i gruppearbeid, og kople av med litt muffinsbaking! Ungane går i kor, og i kveld er det våravslutning med Vårkonsert i kirka, og då må vi ha litt godsaker til etter konserten :)
1 kommentar:
Oi så kjekt å komme på besøk her etter gammelt, var jo masse innlegg siden sist jeg var på besøk jo!!!
Så sprek du er som går på tur, våren gjør noe med oss. Looove it :)
Jammen har du vært kreativ også, i tillegg til studie og praksis. Flotte påskeegg, mmmm herige kaker, og det lommebokkortet til Tonu var kult. Har spart på oppskrifta til den eg og, men så langt er jeg komt...
God helg til deg og dine!! Klem
Legg inn en kommentar