I påska år har vi vore ein tre-dagers tur til min tante og onkel i Vigdalen, ein fin stad som ligg over 500 m.o.h. inne i Jostedalen. Vigdalen er ein stad eg har vore mykje på besøk gjennom min oppvekst, og eg seier at det er dette som er mitt ferieparadis :) Her har eg hoppa mang ein gang i vossakasso, og tråkka silo og raka høy :) Gode minner!
Å reise til Vigdalen i påska er nesten vorte ein tradisjon for vår lille familie, og sjølv om eg hadde arbeidshelg påskehelga, rakk vi ein snartur inn, heldigvis. Påska er ikkje det samme utan Vigdal og snø :)
Vi hadde oss to skiturar til støls, dvs andre dagen gjekk eg til fots saman med mi kjære tante, og tok med meg mitt nyinnkjøpte speilreflekskamera :) So her kjem eit bilderas!
På bilde over er mine to håpefulle nett starta på den strie stølsvegen. Er ikkje berre berre å gå langt med fiskebein :/ Men flinke som dei er kom dei seg opp :)
Kan sjå på gjerepålane at der er ein smule snø.... Skivand som eg er skulle eg prøve fjellskia mine, og tenkte at det var å snu som med slalomski.... men den gang ei, med mykje laussnø gikk det som det måtte gå...og det var ikkje berre berre å røyse seg igjen, når stavar og alt som var forsvant nedover i snøen når ein prøvde å bruke dei som støtte for å komme seg opp igjen. Men klok av skade vart det med den eine gangen :p
Eg er litt fasinert av naturen, so det vert nokre snodige bilder til tider, men eg prøvar meg litt fram :)
Der var mykje harespor å sjå, men ingen hare....
Tøffe ungane sette utfor bakkane som ingenting! Har ikkje arva skitalentet etter mora iallefall :p
Flott utsikt nedover dalen, her skimtar vi og alle bilane som står igjen etter folket har teke turen på fjellet i fineveiret.
Søskenbarnet mitt har teke over garden, og her fekk ungane helse på hestane som er komen til gards. Det er sambuaren til søskenbarnet mitt sine hestar, og vi gledar oss til å prøve å ri på dei til sommaren!
I palmehelga var vi på skiskule arrangert av Norgeshus i saman med Tambarskjelvar. Supert!
Vi har hatt ei super påske, og kunne ikkje hatt finare veir! Håpar du også har hatt ei fin påske!
Klem,
Lise Katrine