lørdag 29. mai 2010

Bursdagskort

På mandag fyller min nevø (dvs. min sambuars nevø) 11 år, og i dag skal det feires med grillfest på hytta, einaste som er litt dumt med det, er at ute er det regn :(
Men, men, det blir sikkert kos allikavel :)
Nesten heile familien er samla, so det blir vel latter og morra allikavel, vestlendingar som vi er kan vi ikkje la veiret stoppe oss ;)
Har laga et relativt enkelt kort, hadde ingen planar før eg starta, berre at det skulle vere plass til pengegave :) Fant dette mønsterarket (trur det er basic grey) og so vart det slik ;)


Inni midten av kortet er det plass til pengar, dei er foreløpig ikkje i mine hender, so må ned på butikken å ta ut :)
So no skal eg pakke med meg tinga mine og reise ut på hytta til resten av gjengen. Dei andre har overnatta fra i går, då eg hadde enjo-demo i går kveld.

(no har eg komt heim, og må berre få rapportert at det vart med dei få dropane som kom, men sidan det er litt kaldt og blåser ut med fjorden, vart det grilling ute og eting inne ;)
Ønskar alle ei super helg vidare!

Klem, Lise

søndag 23. mai 2010

Bursdag

Min kjære Pito er heile 10 år i dag, heile 70 hundeår gjer han til ein gammal mann, men han virkar heldigvis enda sprek og ung :) Han er så uruleg snill, og eg håpar han skal vere med meg i mange år til! Dyrlegen sa til meg i høst at; "kvar dag over 10 år er en bonus", so eg håpar for ein gangs skuld at bonusen min er stooor!
Hipp hurra for gutten min!
Ikkje det beste bilde av han, men dette vart tatt her om dagen, og han er ikkje akkurat en modell som står i ro... ;)

Minste gutt i huset er bedt i bursdag til ein kompis i barnehagen, som også fyller år i dag. Han er 4 år, og her er kortet eg har laga til han :)
Det vart nok eit easel card ;) Eg har innsett at eg har alt for mykje verdiar i quickutz alfabet til å berre la dei ligge å støve ned, so no er eg begynt å prøve å bruke dei litt meir, laga korta enda meir personleg ved å få på mottakaren sitt namn.
Kortet "oppslått". Stempelet på framsida er fra whiff of joy, teks fra kh. Qk alfa "4" abigail grand, "ÅR" er abigail classic og "rudi" er skrevet med Fiesta. mønsterpapiret huskar eg ikkje kor kjem frå.

For å ikkje ødelegge for mykje av boble bilane, satt eg teksten på baksida av forsida ;) prøvde å få Sigve Johan til å skrive namnet sitt sjølv, noko han til vanleg gjere, men klokka 20 var det ikkje noko sjakktrekk, og det vart berre vas..
Laga ein liten "flipp" eg kunne legge penger bak, men som dåke kanksje ser, var det litt feil... den grønne bilen vart plutselig blå midt inni, men men :)
Håpar alle får ein fin 2.pinsedag!
Klem, Lise




tirsdag 18. mai 2010

17.mai 2010

Då var 17.mai over for i år, vart lite bildetaking i år, var så vått og rått...
Vi var no forholdsvis heldige med veiret, var egentlig verst når talane pågikk, men då kunne vi stå i ro og halde ein paraply over haue. Var berre småregn når toget gikk, og det tåler vi. All aktivitet av kafe og leikar foregikk under tak, so det var veldig greit. Det kjipaste er vel egentlig at i dag er det blå himmel! Et bilde av mine to håpefulle :) Tilda Marie i bunaden mamma sydde til meg då eg var liten, og Sigve Johan i bunad mamma har sydd til han i år, var ferdig søndag ;)

Håpar alle hadde ei fin feiring!
God veke!
Klem, Lise

mandag 10. mai 2010

Konfirmasjon

Her er 1 av 2 kort eg laga på treff for 2 veker sidan. Dette er et easel card til mitt søskenbarn som vart konfirmert lørdag. Dette kortet har eg laga fra mine foreldre.
Kortet "oppslått" :)

Laga til ei lita pengelomme under klaffen. Skrivefeltet vart på baksida (trur eg, mamma som har limt på etter ho skreiv på helsinga).
mønsterark er fra my minds eye, swirl og "magi" fra stempelglede
, til konfirmanten fra kort og godt, motiv er fra paperbagsstudio ;)
QK alfabetet er rock star
Her er det andre kortet, dette vart fra oss i min familie. Vi var ikkje til stede, då eg var på jobb. Konfirmasjonen var på Møre, 3.5 - 4 timar unna.
Laga ei pengelomme inne, kortet vart i format 5" x 6".
Stempel på framsida fra kort og godt, gitaren inni fra kh design og tekst fra kort og godt, qk eliza.
mønsterpapir er fra basic grey

Her er eit kort eg har laga til sonen til sjefen, han vart konfirmert i går. Også dette er eit easel card ;) Fått litt dilla på denne brette-teknikken, enkel og dekorativ :)
mønsterpapir fra papirdesign, qk alfabet er rock star.

Dette er et bestillingskort, i vanlig 6" x 6" format, då det skulle vere god plass å skrive :)
Er arbeidsplassen til min søster som skulle levere det vidare.

Innsida, har rett og slett brukt akvarell papir, dekorative, og godt å skrive på.
Swirls fra Stempelglede og tekststempel fra Kort og Godt.


Bordkort på bestilling fra ei "sambygding/bekjent/venninde" (alt etter auga som ser... ;)
Ønskar alle ei fin veke!

lørdag 1. mai 2010

Helg = fri = kosetid :)

Forrige lørdag når eg var på treff, stempla eg opp nokre Magnolia trykk av Ann Kristin , og nokre av desse sitter eg i dag og kosar meg med å male :)
Gubben og minstemann er reist på vårmønstring med veteranvogn klubben, med vår 66-mod. Volvo Amazon Herregårdsvogn ;) Vurderte om eg skulle vere med, men reknar med det er so og seie kun mannfolk der, so eg valgte å bli heime.
Tilda Marie, snuppa mi, reiste på besøk til ei venninde i nabolaget, so no er det kun eg og hunden igjen heime, og vi kosar oss!
Du syns kanskje det er litt tidleg med vin kl.12 på føremiddagen, men det er altså malevatten ;) er blitt litt fin på det ;) (no skal det seiast at eg aldri drikker vin, verken tidleg eller seint, held meg til sterkare saker;)
Fargekartet som eg har skrevet ut frå Anita Hagen sin blogg er berre heilt fenomenalt! Her dryppar eg distress reinker oppå, og det holder seg i vekesvis :)
So no skal eg kose meg litt med maling, so blir det vel litt husarbeid og brødbaking, før litt meir hobbykos :)
Ønskar alle ein fantastisk 1.mai, her skiftar det mellom strålandes sol og regn, men ser ut som sola vinner tilslutt!

onsdag 28. april 2010

Easel card / sukkersøtt utfordring #81

På lørdag var eg på treff med tre livlege jenter, og fekk mykje inspirasjon :)
Laga to konfirmasjonskort, som eg velger å vente med å legge ut ;)
Søndag morgon begynte eg på dette kortet, men ville ha ein tekst inni, som eg ikkje heilt fann ut ka skulle vere... Men i dag fant eg ut at ei søt Tilda skulle få sitte inni istedenfor, so kan ein skrive tekst ved sida av :)
Magnolia trykka fekk eg stempla opp på treffet av Ann Kristin , og eg måtte berre prøve å male litt søndag morgen :)
Har ingen formål med kortet, kan brukast som både konfirmasjonskort og bursdagskort, so tida får vise. henger meg på sukkersøtt si utfordring #81, der oppgåva lyder; ram det inn.

Her er kortet oppslått. Hjerta vart litt store når eg legg kortet saman, men det kom eg til å tenke på etter eg hadde limt det sammen ;) man lærer så lenge man lever....

Motiva er malt med distress ink refill.
Ønskar alle ein super dag, so skal eg prøve å ikkje la det gå like lenge før neste innlegg ;)


fredag 5. mars 2010

Vertinnegave

Eg er begynt som forhandlar av enjo , og skulle ha min første demo for nokre veker sidan. (ja, eg er litt treig å legge ut bildet...) Eg laga denne gave-eska til vertinna, og hadde to stk kvikk lunsj oppi :)
Mønsterpapiret er fra papirdesign, stempel fra kreativ hobby og magnolia :)

Ønskar alle ei fortreffeleg fin helg!