
I går kveld fekk eg vete at vi skulle i bursdag til ei søte lita jente på 1 år. Mora ville gjerne at eg skulle lage ei krunetil ho, so 23.45 i går gjekk eg ned i kjellaren for å utføre oppgåva. Men når eg først var der nede
måtte eg jo berre lage eit kort også, og eg som skulle på jobb kl.08 i dag.... Joda, kort må til :) Så etter en times tid var både krune og kort i boks.
Har endeleg fått i Maja Design arka på HappyHobby, dei vart henta på posten i går, og eg måtte jo berre kjøpe nokon......det var mange fine gitt!
Så mønsterarket er fra Maja Design, stempel fra Sarah Kay, mala med distress, og die cutz fra qk.
Må berre seie at eg har vore inn på mange sider og sett mykje fint i det siste, men eg orka ikkje legge igjen kommentar.... men eg kjem sterkt tilbake :)
Det har vert ei lang veke med jobbing kvar dag, og også nokon dagar innom HH, bursdag i dag, og konfirmasjon i morga.
Ønskar alle ei strålandes helg, og takk for at du tok deg tid til å komme på besøk i bloggen min ;)