lørdag 28. februar 2009

Bursdagsfeiring


Denne helga er det bursdagsfeiring i heimen. I går vart jenta mi 5 år, det er utruleg kor fort tida går... Så i går var det barneselskap med jentene fra barnehagen, det vart eit lite lag med 4 jenter + gutten i huset :) I dag blir det familieselskap, so no skal eg snart vaske huset for dagens innvasjon, skal seie golvet blir grisete etter et selskap ;)
Eg har laga prinsesseake for den lille prinsessa mi, den vart veldig rosa.. Det er kjekt, men litt tungt å lage sånn kake med smørkrem, skal sei det ikkje er så ofte det skjer her i huset, sjølv om antall former eg har burde seie noko anna... Kjøpte faktisk tre former i USA i fjor, for under prisen av en i Norge.... så eg kom heim med kakeformer i kofferten, ikkje akkurat det eg hadde forventa meg... Så har eg prøvd å lage muffins med diecut på, det vart no fint å sjå på ;)
Også hadde eg meg en liten hurtigproduksjon av godtebagger, alt skal gjerast i siste liten... Kom plutselig på at eg kunne lage sånne gaveposar...

Så då er snart alle bursdagane i dette huset over for i år, dvs samboaren har jo i juli, men det vert vel neppe markert... Kanskje ein tur på countryen i stedenfor ;)

1 kommentar:

Min verden sa...

Så flott Lise, artig den kaka du:) Tenker nok bursdagsjenta var godt fornøgd med alt saman:)